Venstre krev betre ordningar for industrien

Del saken

Møre og Romsdal Venstre ber om betring av finansieringsordningar, og skatte- og avskrivingsreglar for fiskeri- og verftsindustrien.

Møre og Romsdal Venstre ser med uro på regjeringa si manglande handlekraft når verft og utstyrsleverandørar til oljeindustrien no melder om ordretørke og kanselleringar.

Norsk Industri melder at 7 av 10 tilsette kan miste arbeidet i denne industrien i 2010 og at finanskrisen gjev meir langvarige konsekvensar i denne industrien, skriv fylkespartilaget i ei pressemelding.

Møre og Romsdal Venstre ber om at fyljande forslag vert sett i verk straks:

  • Regjeringa må syte for at næringa får finansiering av sine planlagde prosjekt gjennom GIEK, Ekportfinans og Innovasjon Norge.
  • Regjeringa må fjerne formuesskatt på arbeidande kapital for å styrkje eigenkapitalen til bedriftene.
  • Regjeringa må i ein nedgangskonjunktur auke avskrivingssatsane slik at bedrifter kan halde på arbeidstakarar gjennom bedriftsinterne prosjekt.