Norsk loddefangst på 300 tonn

Del saken

Møgsterfjord har i dag tatt ein fangst på 300 tonn lodde, vest-sørvest av Thor Iversen-banken.

Fangsten består av stor lodde, og fartyet melder om gode forekomstar over eit relativt stort område. Det opplyser Fiskebåtredernes Forbund (Fiskebåt) på sine nettsider.

- Eg håper no at Fiskeridirektoratet opnar for ordinært fiske straks, seier avdelingsleiar Paul-Gustav Remøy i Fiskebåt.

- Elles begynner dette å minne om ein reguleringsmessig overdose, seier Remøy. Fiskeridirektoratet krev at alle båtar som vil delta i loddefisket no skal ha inspektør om bord til eikvar tid, seier Remøy.

Les også: Ber om loddeopning i russisk sone 09.02.2010

Russiske farty fiskar lodde på ordinært vis i det aktuelle området.