Kontraherte ny trålar

Illustrasjon av den nye hekktråleren Prestfjord. Illustrasjon: Rolls-Royce

ØKSNES/ ULSTEIN: Prestfjord AS har inngått kontrakt med Kleven Maritime AS om bygging av ein ny avansert hekktrålar.

Trålaren er designa av Rolls-Royce Marine med nemninga NVC 368. Fartyet skal utrustast ved Myklebust Verft i Gursken, leveringsdato er sett til 30. oktober 2011.

For Kleven Maritime er det særleg gledeleg at reiarlaget Prestfjord kjem attende til Møre, då dei i 1987 fekk levert trålaren Prestfjord frå Kleven Verft.

– For dei tilsette i Kleven Maritime – og særleg Myklebust Verft – er dette særs kjærkome. Det er stor merksemd om marknaden og nye kontraktar i organisasjonen, så dette vert ei stor positiv hending for alle tilsette.

Det seier konsernsjef i Kleven Maritime AS, Ståle Rasmussen, i ein kommentar.

– Moderne og effektivt fartøy

For reiar Ola Helge Holmøy er dette også ei gledeleg hending.

– For oss er det svært hyggeleg å gjere ei kontrakt med Kleven og Rolls-Royce igjen, vi har lange og gode relasjonar med dei. For ein fiskebåteigar er det ein lang og omfattande prosess å få prosjektert og gjennomført bygging av den type fartøy som vi no har skreve kontrakt på, fortel Holmøy.

– Det er spesielt gledelig å kunne konstatere at eit norsk verft er konkurransedyktig for bygging av denne type farty, seier Holmøy.

– Dei tilsette i Prestfjord AS ser fram til å kunne få eit nytt, moderne og effektivt farty. Dei har vist stor tålmod i påvente av eit framtidsretta farty, som dei skal ha sitt daglege virke på. Reiarlaget ser derfor fram til den dagen fartøyet skal overleverast frå Kleven Maritime AS, seier Holmøy.

Første nybygg på 14 år

Nye Prestfjord blir det første nybygget på 14 år, for eit norsk fabrikktrålarselskap som driv i norske farvatn, opplyser Fiskebåtredernes Forbund.

– Det er gledeleg, og på høg tid, med eit nybygg også i torskesektoren. Vi håper no at styresmaktene stimulerer til auka fornying av flåten, noko som vil gi tilskott også til andre maritime næringar.

Det seier administrerande direktør Audun Maråk i Fiskebåtredernes Forbund (Fiskebåt), i ein kommentar på forbundet sine nettsider.

– Fiskebåt har foreslått tiltak som reduserer eigenkapitalbehovet, auka avskrivingsgrunnlag og skattemessig likebehandling av fiskeflåten med annan flåte, seier Maråk.

– Miljøvenleg

Nye Prestfjord vil bli ein ny generasjon miljøvenleg og driftssikker hekktrålar, der det er lagt stor vekt på miljø, optimale skrogliner med omsyn til stabilitet, fribord og ikkje minst sjøeigenskapar.

Fartyet blir svært effektivt både som botn- og flytetrålar, og får ei miljøvennleg hybrid maskinløysing gjennom kombinasjonen av ordinær dieselmekanisk og dieselelektrisk framdrift.

Enklare vedlikehald og minimalt støynivå er andre viktige faktorar. Særmerkt er også at all drift av vinsjar er elektrisk, inkludert heile 8 sweepevinsjar. Trålaren skal ha installert fabrikk og platefryseri, og har ei lengde o.a. på 63,1 meter, og ei breidde på 15,0 meter.

Rolls-Royce leverer design, system for framdrift og manøvrering, dekksmaskineri og elektriske system. Verdien av kontrakten er på 250 millionar kroner. Kleven Maritime har no ein ordrereserve på 11 skip, til ein samla verdi på 5,7 milliardar kroner.