Reiarlaga sigra i Høgsterett

Høgsterett i plenum har i dag sagt dom (sak nr. 2009/1575 og 2009/1663).

I dommen vert likningane for 2007 til Bergshav Tankers AS og fleire reiarlag i BW Gas-konsernet og i Farstad-konsernet vart oppheva.

Likningane bygde på overgangsordninga ved innføringa av ny reieriskatteordning frå 2007. Overgangsordninga innebar ei gradvis og delvis innbetaling av latente skatteskyldnader frå reieriskatteordninga av 1996.

I strid med Grunnlova § 97

Likningane vart oppheva fordi fleirtalet i Høgsterett på seks dommarar kom til at overgangsordninga er i strid med forbodet mot tilbakeverkande lover i Grunnlova § 97.

Fleirtalet la til grunn at ordninga inneber ein markert tilbakeverknad, som er knytt opp til tidlegare skatteår med fastsette skatteposisjonar.

For at denne tilbakeverknaden skal bli tillaten, må det liggje føre sterke samfunnsmessige omsyn. Fleirtalet fann ikkje at det ligg føre slike omsyn.

Det var då ikkje nødvendig for fleirtalet å gå inn på vernet av eigedom i tilleggsprotokoll 1 artikkel 1 til Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK).

Dissens

Mindretalet på fem dommarar vurderte tilbakeverknaden i overgangsordninga annleis, og la i denne saka til grunn at utgangspunktet etter Grunnlova § 97 må vere om tilbakeverknaden er klart urimeleg eller urettferdig.

Etter ei rimelegheitsvurdering kom mindretalet til at overgangsordninga ikkje er i strid med Grunnlova § 97. Mindretalet kom også til at overgangsordninga ikkje krenkjer EMK tilleggsprotokoll 1 artikkel 1.

Fiskebåtreiarar vurderer sak

Fiskebåtreiarar vurderar også å gå til sak mot Staten, etter at evigvarande fiskekvotar i 2007 vart gjorde om til tidsavgensa kvotar. No vil Fiskebåtredernes Forbund studere dommen nøye.

Les også: – Fiskebåtredere har en minst like god sak 12.02.2010

Les også: Følger rederiskattsaken med argusøyne 05.11.2009