VÅGSØY: Eit dykkarfirma som driv anleggsdykking ved ei kai i Måløy, fryktar at omsynslaus navigering frå fiskarar, kan føre til dødsulukke.
- Respekterar ikkje dykkarane
Fiskefartøya pressar seg fram til kaia, trass i at området er merka med dykkarflagg og at det i tillegg er lagt ut melding på AIS.
- Vi fryktar at det vil skje ei dødsulukke her.
Det seier styreleiar i West Dykkerservice AS, Per Kåre Navekvien, til NRK Sogn og Fjordane.
Fredag føremiddag kom det ein båt som skulle leggje til kai i Måløy. Medan båten kom inn til kaia, køyrde den over området der ein dykkar arbeidde i vatnet.
- Vi held på å reparere ei kai, og har to dykkarar i vatnet heile tida. For at desse skal vere trygge i vatnet, har vi to store gule dykkarflagg oppe, slik at alle skal kunne sjå det, seier Navekvien.
Vurderar å melde saka til politiet
No vurderer West Dykkerservice å politimelde fiskarar som ikkje respekterer dykkarane.
- Ein bør ikkje få styre ein båt om ein ikkje kjenner att eit dykkarflagg, seier han.
- Vi kan ikkje risikere at nokon av dykkarane vert skadde eller døyr på arbeid. Vi kan få ein båt som køyrer i hel ein dykkar, seier Navekvien som fortel om fleire nestenulukker.
Selskapet vil no leggje ut bøye for å sperre av heile området, medan arbeidet held fram dei neste tre vekene.