- Liten nytte av vinterloddetokt

Del saken

Lodderegistreringane gjorde på hausten (kvotegrunnlaget) samsvarar i mange tilfelle dårlig med loddemengdene som vert målte på vinteren.

Det viser ein fersk rapport frå Havforskingsinstituttet.

Såleis vil faste vintertokt på lodde heller auka enn minka uvissa i forvaltinga, seier forskarane. Dei ekstreme variasjonane i gyteinnsiget gjer det også vanskeleg å finna rett tidspunkt for eit vintertokt, melder Havforskingsinstituttet. 

Dei siste åra har Havforskingsinstituttet gjennomført forsøk med loddetokt om vinteren i tillegg til hausttoktet i september. Målet har vore å finna ut om det kan gagna loddeforvaltinga med eit tokt tett opptil gytetidspunktet. Eventuelle nye tal kan opna for at kvotane vert justerte. Denne metoden er i bruk på Island, og det har i mange år vore eit ynskje frå næringa å innføre metodikken også for lodda i Barentshavet.

Underestimat

Toktresultata viser at det er stor uvisse i denne metoden. Det er dårleg samsvar mellom forventa mengde (basert på registreringane på hausttoktet) og det som faktisk vert målt av lodde på vinteren. I rapporten frå vinterloddetokta heiter det at det er gjort både over- og underestimat desse åra.

Skulle ein justert kvotane utifrå vintertoktet hadde det til dømes blitt eit 0-fiske i 2009 då kvoten var sett til 390 000 tonn. I rapporten vert det peikt på at det ville ha skapt praktiske problem å avlyse eit fiske. Hadde det likevel blitt fiske, kunne det blitt diskusjon om fisket var i samsvar med føre-var-prinsippet.

Overestimat

Motsett var det eit 0-fiske i 2007 då vintertoktet viste at det hadde vore rom for eit vinterloddefiske på 80 000 tonn. Men dette estimatet var klart først i midten av mars.

- Vi ville tru at ein så sein dato ville føre til problem med å arrangere eit vinterloddefiske (fordeling av kvotar og ikkje minst kontraktar for levering av lodde), skriv forskarane i sin konklusjon.

I tillegg er det store problem knytt til å finna eit høveleg tidsrom for gjennomføring av toktet på grunn av ekstrem variasjon frå år til år i tida for gyteinnsiget.