Hordaland fylkesutval har løyvd 150 000 kr til arbeidet med å få godkjent prosjektet ”Clean North Sea Shipping” som ein del av EU sitt Nordsjøprogram (INTERREG 4B).
Hordaland fylkeskommune har teke på seg å leia prosjektet.
Gjennom samarbeidet i Nordsjøkommisjonen er det teke initiativ til å utforma søknad i femte utlysningsrunde i INTERREG 4B – Nordsjøprogrammet, til prosjektet ”Clean North Sea Shipping”, melder Hordaland fylkeskommune.
Kuttar utslepp
Føremålet med prosjektet er primært å finna fram til løysingar som vil redusera ureinande utslepp frå skip av alle slag medan dei ligg ved kai.
Sekundært vil det verta arbeidd med å foreslå tiltak både på kort og lang sikt for å redusera alle former for ureinande utslepp, også medan skip er undervegs til ny destinasjon.
Desse målsettingane går inn som ein del av eit elles overordna mål for heile Nordsjøregionen om å standarisera tilhøva for skipstrafikken i alle sentrale havner.
Partnarskap
Det er lagt opp til eit breidt partnarskap.
Målsettinga er at sju regionar, frå sju ulike land rundt Nordsjøbassenget, skal vere representerte med mellom 15 - 20 partnarar i form av lokale og regionale styresmakter, hamner, reiarorganisasjonar og reiarlag, selskap som leverer energi, relevante FoU-miljø o.a.
Stor interesse
Interessa for prosjektet har vore svært god, opplyser Hordaland fylkeskommune. Det er allereie fleire mogelege partnarar som har meldt seg frå Hordaland.
Bergen kommune har vist særleg interesse for prosjektet, og ser dette som eit viktig høve til å koma vidare i arbeidet med å handtera lokale miljøutfordringar.
Startar hausten 2010
Dersom søkande vert innvilga, vil prosjektet starte hausten 2010, og vare i vel tre år.
Hordaland fylkeskommune skal vera Lead Partnar ( LP )i prosjektet, med administrasjon i fylkeshuset.