Vil ha utkastforbod i EU

Sentrale næringsaktørar i EU vil ha forbod mot EUs utkastpåbod.

Dei finn det heilt uakseptabelt at EU held fram med dagens øydeleggande ressursforvalting. Dette har kome fram på den store sjømatkonferansen North Atlantic Seafood Forum på Lillestrøm, melder Fiskebåtredernes Forbund.

Både frå Skottland, Danmark og Tyskland blei det tatt avstand frå EUs utkastpolitikk, som inneber at store mengder fisk blir dumpa når kvotene er tatt eller fisken er under minstemålet. Det blei opplyst at EU-flåten kastar ut like mykje kvitfisk som den tar på land.

– Det er positivt at næringsaktørar i EU pressar politikarane sine til å fastsette ei berekraftig fiskeriforvalting. EUs utkastpåbod er ikkje i samsvar med berekraftig forvalting av fiskebestandane, sidan det medfører at EU overfiskar tilrådde og avtalte kvotar. I tillegg representerer utkastpåbodet ein uforsvarleg og uetisk fiskeripolitikk, seier Fiskebåt-direktør Audun Maråk.

Han meiner at aukande fokus på berekraft og miljømerka fisk vil føre til at EU blir tvinga til å endre fiskeripolitikken sin. -Det er svært positivt at det internt i EU er eit press på EU-politikarane. Det er berre snakk om politisk vilje for å få til ei endring. Eit utkastforbod vil vere til beste for miljøet, ressursane, næringane og forvaltinga, seier Maråk.