Arbeidet med å redusere mengdene av det svært farlege, flytande høgradioaktive avfallet som er lagra i Sellafield ser ut til å gå etter planen.
Ein får inntrykk av at det nye selskapet som har overtatt det overordna ansvaret for driften av anlegget, Nuclear Management Group, gjer eit godt arbeid med å styrke tryggleiken.
Dette bildet sit politisk rådgiver i Miljøverndepartementet Audun Garberg att med etter eit møte om tryggleiken og avfallsproblema ved Sellafieldanlegget i Brussel 3. mars, melder Miljøverndepartementet.
Møtet i Brussel vart arrangert av ”Lofoten mot Sellafield” i samarbeid med Bellona og Sellafield Ltd. Til stades på møtet var også representantar for britiske styresmakter, det britiske parlamentet, Nordisk Råd og Nordland fylkeskommune.
– Det aller viktigaste for Noreg er at dei store mengdene av flytande, høgradioaktivt avfall som er lagra i Sellafield blir redusert raskt til eit nivå som ikkje utgjer nokon alvorleg forureining av norske områder om det skulle skje ein alvorleg ulukke, uttalar Garberg.
Strålevernet har gjort berekningar av eit ”verst tenkjeleg” ulukkesscenario i Sellafield. Dette viser at eit større utslepp til luft av slikt avfall kan føre til alvorleg forureinging av norske områder. Så lenge store mengder av dette avfallet ligg lagra ved anlegget, er sjølvsagt tryggleiken ved anlegget svært viktig.
På møtet gjorde det britiske Nuclear Decomissioning Authority greie for arbeidet med å redusere mengdene med flytande, høgaktivt avfall. Dette avfallet blir gjort om til fast avfall som utgjer ein langt mindre forureiningsrisiko. Det er framleis nærare 1000 m3 av flytande, høgaktivt avfall i Sellafield, men dette volumet skal i 2015 vere redusert til eit begrensa ”buffervolum”. Grensa som er sett av britiske styresmakter er 200 m3 i 2015, men planen er å få mengdene ned til langt lågare volum enn dette.
– Dette er positive signalar, men det viktigaste no er at Sellafield leverer konkrete resultat, både når det gjeld å redusere mengdene med høgaktivt, flytande avfall, og når det gjeld tryggleiken, seier Garberg.
Technetium-99
Nivåene av technetium-99 økte kraftig i norske havområder på slutten av 1990- tallet og begynnelsen av 2000-tallet, men har gått ned etter at utslippene fra det britiske gjenvinningsanlegget i Sellafield ble redusert i 2004.
Les også: Teller fortsatt becquereler 28.01.2010