Ulriksen til Malaysia

Del saken

Statssekretær Ulriksen skal følgje kronprinsparet til Malaysia.

- Noreg eksporterte i fjor sjømat for 37 mill. kroner til Malaysia. Landet representerer også ein interessant marknad for norske leverandørar av kunnskap og teknologi til oppdrettsnæringa.

Det seier statssekretær Vidar Ulriksen, som skal følgje kronprinsparet på deira offisielle besøk til Malaysia 8.-10. mars.

I samband med besøket arrangerer Eksportutvalet for fisk ein kokkekonkurranse og ei norsk sjømatveke for å profilere norsk sjømat.

Ulriksen skal også halde innlegg på eit havbruksseminar i regi av Innovasjon Noreg.