– Kjenner seg ført bak lyset av Vestavind Kraft

Fiskarlaget i Sogn og Fjordane stilte seg positive til vindmøller utanfor Stad, under føresetnad av at hovudkontoret for selskapet skulle liggje i Sogn og Fjordane.

Fiskarane var i tvil om korleis dei skulle stille seg til ei utbygging i eit fiskerikt område.

Men under føresetnaden at hovudkontoret for vindmøller til havs, skulle bli lagt til Sandane eller eventuelt til Måløy, gav fiskarane tommelen opp for utbygging.

Men i går vedtok generalforsamlinga i Vestavind Kraft at det nye hovudkontoret skal lokaliserast til Bergen, i nabofylket Hordaland.

– Fiskarlaget føler seg ført bak lyset, seier Stig Oldeide i Sogn og Fjordane Fiskarlag, til NRK.

Meir om saka kan lesast hos NRK Sogn og Fjordane.