Attreisingsplan for kysttorsk nord for 62°N

Fiskeri- og kystdepartementet har utarbeidd ein attreisingsplan for kysttorsk nord for 62°N, og denne planen vil liggje til grunn for reguleringstiltaka.

Les også: Regulering av fisket etter torsk, sei og hyse 18.12.2009
Les også: Vernetiltak og gjenreisingsplan for kysttorsk i 2010 18.12.2009

Målet er å sikre fullt reproduksjonspotensial for bestandane av kysttorsk, opplyser Fiskeri- og kystdepartementet (FKD) i ei pressemelding.

Det internasjonale råd for havforsking (ICES) har sidan 2004 tilrådd null fangst av kysttorsk fram til at det er etablert ein slik attreisingsplan. Forvaltningsprinsippet i havressurslova, føre-var-prinsippet og omsynet til biologisk mangfald tilseier samtidig ei regulering nær kysten som sikrar berekraftig hausting, meiner FKD.

Som eit ledd i arbeidet for å sikre ei god forvaltning av torsk i områder nær kysten, har Havforskingsinstituttet utvikla eit forslag til attreisingsplan, som no er godkjent av departementet og sendt til ICES for vurdering.

Forslaget kan måtte endrast på bakgrunn av ICES vurdering. ICES er bedt om å basere rådgivinga for kysttorsk frå 2011 på den nye attreisingsplanen, opplyser FKD.

Det er viktig for økosystema langs kysten å ha torskebestandar som gyt lokalt, og desse bestandane er grunnlaget for ein stor del av kystfisket. Fiskeri- og kystdepartementet har på bakgrunn av råd frå ICES og Havforskingsinstituttet, innført ei rekkje vernetiltak sidan 2004, for å avgrense yrkesfisket og fritidsfisket av norsk kysttorsk, opplyser FKD.

– Hovudutfordringa er framleis å få til ei regulering som reduserer uttaket av kysttorsk, men som samtidig gjer det mogleg å halde oppe eit tradisjonelt fiske langs kysten, uttaler FKD.

Havforskingsinstituttet er i ferd med å leggje om innsatsen sin på kysttorsk, og etter kvart som kunnskapsgrunnlaget vert betre, vil attreisingsplanen og reguleringstiltaka bli reviderte, opplyser FKD.

Fiskeri- og kystdepartementet har vidareført vernetiltaka frå 2009 og vil fastsetje ytterlegare tiltak for 2010 ut frå ei totalvurdering sett opp mot attreisingsplanen for kysttorsk. Departementet kan fastslå at det ikkje vert påskestopp i 2010.