Ny fordeling av sei i Nordsjøen

Fiskeri- og kystdepartementet har vedteke ny fordeling og regulering i fisket etter sei i Nordsjøen og Skagerrak for fartøy med pelagisk trålløyve, nordsjøtrålløyve og avgrensa nordsjøtrålløyve.

– Ei av utfordringane med å regulere nordsjøtrålarane er at det er stor spreiing i seifangstane i alle tre gruppene, seier fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen.

– På fartøynivå har fisket dei seinare åra blitt regulert med maksimalkvotar frå starten av året. På bakgrunn av utviklinga i fisket har desse maksimalkvotane blitt oppheva i løpet av året. Nedgang i seikvoten og auke i fiskeinnsatsen gjer det nødvendig med strengare regulering for å halde fisket innanfor gruppekvoten, seier Berg-Hansen.

Les også: Regulering av seifisket i sør 21.12.2009

Fordeling

Med verknad frå 2011 får fartøy med pelagisk trålløyve og fartøy med nordsjøtrålløyve 77 prosent av seikvoten til nordsjøtrålarane, medan fartøy med avgrensa nordsjøtrålløyve får 23 prosent av seikvoten til nordsjøtrålarane.

Fartøy med pelagisk trålløyve eller nordsjøtrålløyve

Fartøy med pelagisk trålløyve eller nordsjøtrålløyve kan maksimalt fiske og lande inntil 400 tonn i 2010.

Frå og med 2011 blir kvoten fastsett til det enkelte fartøy med pelagisk trålløyve og fartøy med nordsjøtrålløyve ved at alle får eit likt grunnkvantum, og deretter brukar ein den fastsette konsesjonskapasiteten for å rekne ut den endelege kvoten til det enkelte fartøyet.

Fartøy med avgrensa nordsjøtrålløyve

Fartøy med avgrensa nordsjøtrålløyve som har fiska meir enn 325 tonn sei i eitt av åra 2006, 2007 eller 2008 får kvotefaktor 1,0 og kan maksimalt fiske og lande inntil 400 tonn i 2010.

Andre fartøy med avgrensa nordsjøtrålløyve får ein kvotefaktor på 0,5 og kan maksimalt fiske og lande inntil 200 tonn i 2010. Fisket kan bli stoppa når gruppekvoten er oppfiska.

Frå og med 2011 vil kvotenivået som blir fastsett for faktor 1,0 reflektere ei formålstenleg overregulering i gruppa.