Moloane tek form ved «Murmansk»

Moloene er i ferd med å ta form ved vraket av Murmansk utenfor Sørvær på Sørøya i Finnmark. Foto: AF Decom

HASVIK: AF Decom sitt arbeid med å etablere moloar ved vraket «Murmansk» har gått føre seg sidan i fjor haust, og no byrjar dei å ta form.

Til hausten skal vraket vere tørrlagt slik at ein kan byrje på arbeidet med å fjerne sjølve vraket, melder Kystverket.

Vraket av den russiske kryssaren «Murmansk» ligg rett utanfor Sørvær på Sørøya i Finnmark, der den sokk 24. desember 1994 under eit slep frå Murmansk hamn til opphogging i India.

Moloane skal verne mot det vêrharde Lopphavet under prosessen med å tørrlegge vraket, før det vert fjerna bit for bit.

– No har vi fått opp eit landpunkt mot Gåsholmen. Det er etablert ei utlastingskai for steinblokkene – dei største er opptil 10 tonn tunge – som skal danne det ytre skalet på moloane. Den siste tida har ein fått dumpa om lag 10 lass kvar dag, opplyser Kystverket sin prosjektleiar Knut Arnhus.

– Vi reknar med å byrje arbeidet med å slå stålplater, spant, ned i botnen i løpet av mai. Så snart det er ferdigstilt vil vatnet bli pumpa ut av det som då skal fungere som ein tørrdokk. Om alt går etter planen skal vi ha tørrlagt denne i september/oktober. Då startar sjølve rivingsarbeidet på vraket, fortel Arnhus.