I ei prøvetid på to-tre år skal, Sør-Norges Trålerlag halde fram med eige styre som gruppe under Fiskebåtredernes Forbund.
På årsmøtet i Sør-Norges Trålerlag i Haugesund nyleg, vart det vedteke at laget skal slutte seg til Fiskebåtredernes Forbund. Sør-Norges Trålerlag har i dag 44 medlemsfartøy.
Les også: Trålerlaget inn i Fiskebåt 12.04.2010
– Dermed får me ein kraftigare og større felles organisasjon for heile den norske havfiskelflåten.
Det seier styreleiar i Sør-Norges Trålerlag, Valter Rasmussen, til Aftenbladet.
– Sjølv om me historisk ofte har vore usamde i mange saker med dei nye partanarane våre, har me mange store utfordringar framfor oss, der me vil oppnå mest ved å stå samla, seier Rasmussen.
Han viser til at kampen med oljeindustrien om areal på sokkelen vil halda fram.
– Dertil står me no framfor nye liknandne utfordringar og kamp om areal i høve til den nye vindkraftindustrien i Nordsjøen, seier Rasmussen.
Les også: Vindmøller i tobisfelta 18.01.2010
– Me har også felles utfordringar i kampen om fiskeressursane som Norge må føre i høve til nabolanda våre, seier Valter Rasmussen til avisa.
Når Sør-Norges Trålerlag som gruppe vert medlem i Fiskebåtredernes Forbund, vert ein samstundes indirekte medlem i Norges Fiskarlag, der Fiskebåt alt er gruppemedlem.
– Eg har lenge meint at Norges Fiskarlag bør vera ein fellesorganisasjon for alle fiskarar. Me treng å stå saman i tida framover, seier Valter Rasmussen til avisa.