Stadig meir kolmule til konsum

Del saken

Stadig meir av kolmulefangstane går til konsum.

Til no i år er 60.000 tonn kolmule levert til konsum, mot vel 25.000 tonn i heile 2009, melder Fiskebåtredernes Forbund.

Gjennomsnittsprisen for kolmule til konsum, er i år kr 2,06 per kilo, mot kr 1,72 i fjor.

Til no har fiskeflåten teke 84 prosent av den norske kolmulekvoten på knapt 206.000 tonn.