Torsk og hyse snart MSC-sertifisert

Dei norske fiskeria av torsk og hyse utanfor 12 nautiske mil, vert etter planen miljøsertifiserte i neste veke.

Dette omfattar omlag halvparten av den norske fangsten av torsk og hyse. Eksportutvalet for fisk reknar med at også fisket innanfor 12 mils grensa blir sertifisert innan kort tid, melder Fiskebåtredernes Forbund (Fiskebåt).

Markeringa skal skje onsdag i neste veke under verdas største sjømatmesse i Brussel. Då skal sertifiseringsbyrået Moody Marine overlevere sertifikatet for torsk og hyse til Eksportutvalet for fisk, som tar imot sertifikatet på vegne av norsk fiskerinæring, opplyser Fiskebåt.

Norsk torsk og hyse får det same miljømerket, nemleg MSC, som dei norske seifiskeria, dei norske sildefiskeria og det norske makrellfisket har oppnådd dei siste åra.

Frå neste veke kan dermed norsk fisk til ein førstehandsverdi av rundt 8,5 milliardar kroner tilbydast med miljømerke. Dette er basert på følgjande tal (snitt førstehandprisar og 2010-kvotar):

Sild 2,5 milliardar kroner
Makrell 1,5 milliardar kroner
Sei 2,3 milliardar kroner
Torsk 1,55 milliardar kroner (50 prosent av totalverdi)
Hyse 0,6 milliardar kroner (50 prosent av totalverdi)

Når dei norske torske- og hysefiskeria innanfor 12 mil også er sertifiserte blir den årlege verdien av norsk fisk som kan miljømerkast rundt 11,5 milliardar kroner.

– Miljømerking av nesten alt kommersielt fiske i Noreg, er eit prov på at Noreg er verdsleiande innan forsvarleg forvalting av fiskeressursane, skriv Fiskebåt.