Venstre vil verne gyteområda

Del saken

Venstre er sterkt i mot at det blir opna for oljeleiting på dei sårbare gyteområda utanfor Lofoten, Vesterålen og på Møresokkelen.

- Dette er dei viktigaste gyteområda for torsk og sild langs kysten vår. Dette er naturområde som er heilt eineståande i norsk og internasjonal samanheng, og som må få varig vern frå petroleumsaktivitet, heiter det i eit vedtak frå Landsmøtet i Venstre sist helg.

- Ikkje behov for konsekvensutgreiing

I vedtaket syner Venstre også til at det faglege grunnlaget for oppdateringa av forvaltningsplanen for Barentshavet - Lofoten som blei lagt fram tidlegare i denne veka, slår fast at dei miljø- og samfunnsmessige konsekvensane av ulykker frå petroleumsaktivitet vil kunne få katastrofale følgjer. Venstre meiner difor at det ikkje er behov for nokon ytterlegare konsekvensutgreiing om oljeaktivitet i desse områda.

Venstre understrekar også at petroleumsaktivitet i desse områda vil medverke til endå meir CO2-utslepp i ei tid kor Noregs viktigaste oppgåve, etter Venstre si meining, er å redusere dei samla utsleppa monaleg.

Les også: Grunnlaget for oppdatering av forvaltningsplanen 15.04.2010

- Mot råd frå fagetatar

Olje- og energidepartementet utlyste i februar fleire omstridde område for oljeleiting utanfor Mørekysten, mellom anna blokker som ligg i gyteområda til vårgytande sild, og i område med store førekomstar av sårbare kaldvasskorallrev, konstaterer Venstre.

- Dette har regjeringa gjort mot råda til eigne statlege fagetatar, mellom anna Havforskingsinstituttet og Klima- og forureiningsdirektoratet (Klif), meiner Venstre.

Les også: Hørte ikke på Havforskningsinstituttet 27.02.2010

- Venstre vil prioritere fiskeri- og miljøinteressene i Lofoten, Vesterålen og på Mørekysten. Vi er djupt skuffa over regjeringa som mot betre vitande gamblar både med store og fornybare økonomiske interesser for fiskerinæringa og viktige miljøinteresser, heiter det i vedtaket fra Landsmøtet i Venstre.

Venstre krev petroleumsfrie soner på dei viktigaste gytefelta utanfor Lofoten, Vesterålen og på Møresokkelen.