Leiinga i Fiskebåtredernes Forbund hadde i går eit frukostmøte i Molde med Arbeidarpartiets sekretær Raymond Johansen.
– Møtet var svært konstruktivt. Vi opplevde at Johansen var lydhør for argumenta våre og han inviterte til vidare dialog, seier administrerande direktør Audun Maråk i Fiskebåtredernes Forbund (Fiskebåt) til forbundet sine nettsider.
På møtet var flåtefornying og verftspakken, som blei lagt fram sist veke, eit sentralt emne. Fiskebåt-representantane peika blant anna på behovet for andreprioritetslån gjennom Innovasjon Norge og høve til å bruke leigefarty til å fiske kvotane ved overgang til nytt farty som viktige tiltak for å få fart på flåtefornyinga.
Dei gode røynslene med miljøavtalen om NOx, forslag til andre miljøtiltak, stabilitet i ressursfordelinga og dei økonomiske rammevilkåra for vidare utvikling av flåten var andre emne på møtet i Molde søndag 2. mai.
Raymond Johansen fekk også ei meir generell orientering om havfiskeflåten.
– Vi opplevde at Johansen var spesielt opptatt av flåtefornying og samspelet mellom havfiskeflåten og dei andre maritime næringane, seier Maråk.
Frå Arbeidarpartiet deltok personleg rådgjevar Pål Martin Sand, i tillegg til Raymond Johansen. Fiskebåtredernes Forbund stilte med styreleiar Tore Roaldsnes, administrerande direktør Audun Maråk og informasjonsleiar Oddbjørn Skarbøvik.