– MAREANO viktig grunnlag for avgjerder

MAREANO er eit glimrande eksempel på korleis forsking kan brukast aktivt som grunnlag for avgjerder når politikken skal formast.

Det sa statssekretær i Fiskeri- og kystdepartementet, Vidar Ulriksen, då han opna årets brukarkonferanse som MAREANO har arrangert i Oslo.

Les også: MAREANO med bok om havet i nord 30.04.2010

Resultata av kartlegginga er mellom anna brukt til å utarbeide det faglege grunnlaget for oppdatering av forvaltningsplanen for Barentshavet og Lofoten.

– MAREANO er høgt prioritert i Fiskeri- og kystdepartementet. Eg vil minne om at vi starta i 2005 med ei samla løyving på 5 millionar kroner. I 2010 er løyvinga tidobla til 51,5 millionar. Programmet har hittil kartlagt totalt 1500 artar, og faktisk avdekka heile 16 nye artar. Det er både spennande og imponerande, sa Vidar Ulriksen.

– Noreg var det første landet i verda som starta med statlege fiskeriundersøkingar. Det er noko vi i Fiskeri- og kystdepartementet er veldig stolte av. Blant norske forskingsprosjekt i dag står mellom anna MAREANO-forskinga som eit nybrottsarbeid internasjonalt, sa Ulriksen.

– ”Mållaust liv har og ei meining, du lyt sjå og tenkje på”, sa Einar Skjæraasen. Meininga med MAREANO er nettopp å få kunnskap om liv i havet som vi hittil ikkje har visst om. Sjølv det minste liv har ein funksjon og ein plass i ein større samanheng. Med MAREANO veit vi no at det er mykje vi ikkje veit. Men vi ønskjer nettopp å finne ut kva plass desse ukjende organismane har i økosystemet vårt, heldt han fram.

– Kunnskapen som MAREANO bringar fram, kjem ikkje berre fiskeri- og kystforvaltninga til gode. MAREANO er ei samfinansiering mellom vårt departement, Miljøverndepartementet og Nærings- og handelsdepartementet. Også Olje- og energidepartementet medverkar med sin marine kunnskap i styringa av MAREANO. Dette seier noko om det tverrfaglege ved MAREANO og om nedslagsfelt og brei produksjon av kunnskap, meiner Ulriksen.

MAREANO har fått fram vesentleg ny og detaljert informasjon om naturtypar, undersjøiske landskap og eit mangfald av artar i særleg verdifulle og sårbare områder som Lofoten, Tromsøflaket, kysten langs fastlandet og Eggakanten.

– Eg meiner MAREANO er eit glimrande eksempel på korleis forsking kan brukast aktivt som grunnlag for avgjerder når politikken skal formast, sa Ulriksen.

– Ambisjonen vår er at MAREANO skal fortsetje med å levere forskings- og overvakingsdata med høg kvalitet og dermed auke kunnskapen vår om livet i havet i lang tid framover. Ved å levere løpande, relevante resultat til dei som tek avgjerdene i forvaltninga, skal MAREANO medverke til politikkutforming og forstandig forvaltning av livet i havet, sa Ulriksen.