«LOS 120» døypt i Kristiansund

«LOS 120» vart døypt i Kristiansund 11. mai 2010 Foto: Geir Tøvik / Kystverket

Tirsdag 11. mai blei det siste tilskotet i losbåtflåten til Kystverket, «LOS 120», døypt i Kristiansund.

Gro Hodder frå Kystverket Midt-Norge fekk æra av å vere gudmor for "LOS 120" då den vart døypt ved piren i Kristiansund, skriver Kystverket i en pressemelding.

«LOS 120» blir fast stasjonert ved losstasjonen i nordmørsbyen. Den erstattar "LOS 102", som skal omplasserast til Finnmark.

Losfartyet er det tredje i ein serie som blir bygd ved Dockstavarvet AB i Sverige. Dei to foregåande, «LOS 117» og «LOS 118» er stasjonert på Fedje og i Ålesund.

Dei nye losfartya er konstruert for å halde vekt, drivstofforbruk og avgassutslepp så lågt som mogleg. Det er også fokusert på å skape eit moderne og godt arbeidsmiljø, for dei som skal ha sitt daglege verke om bord.

– Vi har hatt fartyet her nokre veker allereie. Det er ein kjempebra båt med gode sjøeigenskapar. Alle losbåtførarane er veldig godt nøgde med fartyet, seier losbåtførarformann Geir Tøvik.