Utset Stad skipstunnel

Dei siste to åra har regjeringa arbeidd med å kvalitetsikre ein rapport frå Kystverket som tilrår bygging, men no skal utgreiinga gjennomførast på nytt.

Tunnelen er utgreidd i 21 år - men no skal den utgreiast og kvalitetsikrast igjen, skriv NRK.

I 2007 konkluderte Kystverket med at tunnelen til 1,7 milliardar kroner er samfunnsøkonomisk lønsam. Men to og eit halvt år etter at konseptvalutgreiinga vart ferdig, er konklusjonen framleis til kvalitetssikring hos eksterne konsulentar.

Og no skal Stad skipstunnel gjennom utgreiing nummer 16 i saka, nummer 17 kjem når den nye utgreiinga også skal kvalitetsikrast. Departementet har nye spørsmål som må besvarast, i tillegg skal heile utgreiinga køyrast på nytt. Særleg skal ein sjå på framkomelegheit, sikkerheit og ventetider for skipstrafikken i uver, skriv NRK.

– Det er naturleg å sjå heile konseptvalutreiinga under eitt, og det er difor har vi fått i oppdrag å køyre heile utgreiinga på nytt, seier seniorkonsulent Øystein Linnestad i Kystverket.

Dei nye utgreiingane betyr minst eitt år til i forseinkingar, før tunnelprosjektet kan leggjast fram for Stortinget.

– No får vi gjere ferdig kvalitetssikringsprosessen. Så får vi vurdere om og når ein tunnel kan byggjast, seier Vidar Ulriksen i Fiskeri- og kystdepartementet.

Les også: Ikkje pengar til skipstunnel 13.10.2009