Korleis møte krav om berekraft i sjømatmarknaden?

Del saken

Eitt nytt marknadsretta prosjekt skal sjå på korleis kravet til berekraft påverkar handlingane både til forbrukarane og kjedene.

Dette er viktig kunnskap for bedriftene i deira marknadsføring av sjømatprodukt.

Nye kundekrav

I dag stiller kundane for norske sjømatprodukt i viktige marknader heilt spesielle krav til forvalting av ressursane, produksjonsmetodar og teknologi. Veksten for miljøvenlege og berekraftig produserte og marknadsførte sjømatprodukt verkar å vere i sterk vekst. Det er viktig å ha kunnskap om kva både forbrukarane og dei profesjonelle innkjøparane faktisk vert påverka av, kva utslag det gjer i praksis og korleis næringa vår kan tilpasse seg dette, skriv Kristin Alnes, fagsjef, markedstilgang, FHL på FHF si heimeside.

Det er i dag eit mangfald av ulike eller overlappande omgrep som vert nytta om krav til produksjon; økologisk, organisk, etisk, miljøvenleg, berekraftig, naturleg, helsemessig rett m.m. Vi veit i dag i liten grad kva desse omgrepa inneber i praksis i handelen og korleis ein dermed kan byggje inn slike eigenskapar i produksjon og marknadsføring av sjømatprodukt frå Noreg.

Skilnad på liv og lære hos forbrukarane?

Prosjektet vil identifisere korleis norsk sjømatnæring kan tilpasse seg til og utnytte konseptet berekraft som ein del av ein marknadsføringsstrategi. Det vil difor verte gjennomført analyser på to nivå; både forbrukarar og industrielle kundar. Ein vil gjere relativt omfattande forbrukarstudium for mellom å anna å identifisere kva som fører til ”gapet” mellom haldning og handling når det gjeld miljøvenlege produkt. I kva grad er omgrep knytt til berekraft sentrale aspekt som ulike aktørar på ulike nivå i marknadskanalen ser på som viktige når dei står overfor val om kjøp/ikkje kjøp av sjømat frå norske leverandørar?

Berekraft som marknadsføring?

Studie av kven som står bak trendar som berekraft og miljøfokus, og kva som påverkar vala på alle nivå i marknadskanalen er viktig kunnskap i relasjon til omdømmet til norsk fiskerinæring. Det er ikkje minst viktig å kunne skilje alvorlege og langvarige trendar frå kampanjar frå ulike organisasjonar, og å ha kunnskap nok til møte utfordringane knytt til det.

Prosjektet vil gi informasjon om korleis ulike typar kundar stiller seg til berekraftsomgrepet, korleis ulike bransjar eller type aktørar i norsk sjømatnæring er posisjonert til å nyttiggjere seg eller tilpasse seg krav knytt til berekraft. Vidare kva marknader som synes særleg relevante i forhold til krav om berekraft. Denne innsikta kan gi nyttig informasjon til marknadstilpassing i bedriftene og gi tilrådingar til korleis bedriftene kan optimalisere produktet, distribusjon, pris og kommunikasjon til ulike marknader.

Prosjektet vert administrert av FHL på vegne av FHF, og vert gjennomført ved Nofima Marknad, skriv Alnes.