Sensasjonell hybrid i hummarverda

Sidan amerikansk hummar først dukka opp i norske farvatn har forskarane lurt på om han ville kryssa seg med vår heimlege hummarart: den europeiske hummaren.

No vandrar svaret rundt i tankar på Havforskingsinstituttet – ein haug med hybridar med amerikansk mor og europeisk far, skriv Havforskningsinstituttet i ei pressemelding.

Kunstig befruktning mellom dei to artane er utført tidlegare, men det er, i følgje forskar Ann-Lisbet Agnalt på Havforskingsinstituttet, særs små sjansar for at ein amerikansk hohummar og ein lokal europeisk hannhummar skal para seg ute i det fri. Først og fremst fordi det er funne få amerikanske humrar i norske farvatn. I tillegg er det ein del biologiske forhold som gjer det meir sannsynleg at ei kryssing vil skje mellom ei europeiske ho og ein amerikansk hann.

Eggstorleik vekte mistanke

Lite sannsynleg, men ikkje umogeleg altså. Prova er ein 140 medlemer stor syskenflokk med halvannan til to centimeter store hummarungar, som ser ut til å vekse og trivast, lukkeleg uvitande om at dei er såkalla hybridar.

Mora er ein av tre levande humrar som kom til analyse på Havforskingsinstituttet hausten 2009. Det var mistanke om at dei tre humrane leid av ein skalsjukdom. DNA-testar synte at alle tre var av den introduserte arten amerikansk hummar. Hoa bar egg, og storleiken på egga vekte interesse hos Ann-Lisbeth Agnalt.

– Amerikansk hummar har relativt små egg, medan desse egga var ganske store. Det kunne indikere at faren ikkje var amerikansk, fortel ho.

Egga vart DNA-testa på instituttet i Bergen. Resultata synte at det måtte vera ein europeisk hummar med i biletet. Ein uavhengige test gjort på Queens University of Belfast synte det same.

Viktig å vera føre var

Amerikansk og europeisk hummar har relativt lik utsjånad, og berre DNA-testing kan gje 100 prosent sikkert svar på kva art det er snakk om.

Mogeleg kryssing mellom dei to artane, har vore ei sentral problemstilling sidan den første amerikanske hummaren vart funnen i våre farvatn på slutten av 1990-tallet. Amerikansk hummar vert importert til og selt i Noreg, og det er også gjort nokre spede forsøk med oppdrett. Dei frittgåande eksemplara som vert fanga og sende til testing, har truleg rømt frå oppbevaringsteiner, er dumpa av di ein har trudd dei var daude/døyande eller dei kan vera sett ut med vilje.

Fram til i dag er det identifisert 22 amerikanske humrar i Noreg. Eit tal som i utgangspunktet ikkje har uroa forskarane så mykje, fortel Ann-Lisbet Agnalt.

– Vi har såleis rekna sjansane for at det skulle skje ei kryssing som låge. At vi skulle få akkurat denne rognhummaren inn til Havforskingsinstituttet, er berre eit slumpetreff. Det viser kor viktig det er å ha eit føre var-perspektiv i høve til forvaltinga av introduserte artar.

Konkurranse mellom artar

Introduserte artar kan få negative og til dels katastrofale effektar på dei lokale økosystema. Amerikansk hummar kan vera smitteberar av sjukdomen “Gaffkemi”, som er dødeleg for europeisk hummar. Skalsjukdom er eit anna faremoment den amerikanske hummaren fører med seg. Norske hummarbestandar har lege på eit historisk lågmål i fleire tiår, og dei små, sårbare bestandane er truleg meir utsette i konkurranse med ein introdusert art.

Les også: Skallsykdom påvist hos hummer 21.05.2010

Tett oppfølging

Hummarhybridane som med stor omsorg er klekte fram i laboratorium på Havforskingsinstituttet, har mest til felles med farsslekta, fortel Ann-Lisbeth Agnalt. Dei er no metamorfoserte (omskapte) frå frittsymjande larvar til minihumrar, og lever heretter på botnen.

Hummarungane vert følgt tett, og veks opp under så gode levekår som råd er. Håpet er at eit representativt utval skal overleva fram til kjønnsmoden alder, som truleg ligg tre til fire år fram i tid. Forskarane er spente på om dei amerikansk-europeiske humrane er sterile, slik tilfellet ofte er for hybridar.

Hummaren, som kan bli så gamal som 60 år, er normalt kjønnsmoden når han nærmar seg 25 centimeter, men dei lokale skilnadene kan vera store.

Kontrollert prøvefiske

Det er no sett i gang eit kontrollert prøvefiske etter hummar i Larvik-området. Lokale fiskarar vil stå for fangsten. Dei innkomne eksemplara skal undersøkjast for skalsjuke og DNA-testast. Det vert også leita etter frittlevande hybridar og hummar som ber på ”blandingsrogn”.

Hummar som vert identifiserte som amerikansk, hybrid eller som er smitta av sjukdom vert fjerna frå området. Dei andre vert merka og sett ut igjen der dei høyrer heime.