Den aller kaldaste havstraumen

Under isbremmen i Antarktis målte Svein Østerhus det kaldaste sjøvatnet og den kaldaste havstraumen som nokon sinne er målt.

I februar var klimaforskar ved Bjerknessenteret, Svein Østerhus på tokt til Antarktis saman med masterstudentane Kjersti Strand og Lisbeth Håvik. Her gjorde dei målingar i verdens kaldaste sjøvatn. I sjøvatnet under den tusen meter tjukke Ronne-isbremmen i Weddellhavet, har Østerhus målt -2,6 grader som er det kaldaste sjøvatn som nokon gong er målt, skriver Universitetet i Bergen (UiB) i en pressemelding.

– Når sjøvatnet er så kaldt, legg det seg på botn. Vatnet dannar superkalde straumar som går langs havbotnen og kjem heilt opp til Irland, seier Østerhus.

Dei superkalde havstraumane blir rekna som den største drivkrafta i klimasystemet.

Forskningstoktet var ein del av (BIAC)-prosjektet, Bipolar Atlantic Thermohaline Circulation, eit prosjekt knytt til det internasjonale polaråret 2007-2008, der forskarane skal sjå nærare på prosessane bak djupvassdanninga ved polane.

Flytande isbrear

I Antarktis er store havområde dekka av flytande isbrear. Under isen som held mellom 20 til 25 minusgrader, vert vatnet kjølt ned til ein temperatur som er lågare enn frysepunktet ved overflata. Trykket gjer at vatnet er flytande sjølv med minusgrader. Når vatnet vert pressa ut over kontinentalsokkelen, renn det ned i havdjupet i stor fart.

Utanfor isbremmen i Weddellhavet henta forskarane opp og sette ut nye måleriggar med overvakingsinstrument. Måleinstrumenta som er ankra opp på havbotnen, samlar data som blant anna vert brukt til å studere korleis den superkalde havstraumen blandar seg med anna vatn når den renn ned i djuphavet som ei gigantisk elv. På fem hundre meters djupne henta forskarane opp data frå den kaldaste havstraumen som nokon sinne er målt. Havstraumen målte 2,2 minusgrader.

– Motkraft

Isbremmen er er den delen av den antarktiske iskappa som flyt på havet. Som eit isfjell der berre ti prosent av isen stikk opp av havet, kan kan isbremmen gå tusen meter ned i djupet. Nede i djupet under den kalde isbremmen dannar det seg eit lag av superkaldt vatn.

– Isbremmen verker som ei motkraft for fastlandsisen i Antarktis, den held isen inne. Viss det blir endringar i forholdet mellom sjøvatnet, isen og isbremmen, kan det verte dramatisk for fastlandsisen. Men endringane handlar om hundreårsperspektiv. Derfor er det beroligande at det er så kaldt vatn på botn, seier Svein Østerhus.