36 nye naturreservat for sjøfugl

Del saken

Kongen har i statsråd fredag 28 mai oppretta 36 nye naturreservat for hekkande sjøfugl i Møre og Romsdal.

Vernet skal sikre bevaring av viktige hekkeområde for sjøfugl med tilhøyrande plante- og dyreliv på land og i sjø, og verne sjøfugl mot forstyrring i hekketida, opplyser Miljøverndepartementet i ei pressemelding.

-  Sjøfuglbestandane våre er under aukande press. Endringar i fødetilgang og klima, utbygging og attgroing av hekkeområde og forstyrring under hekkinga er nokre av truslane. Eg er glad vi no får verna desse viktige hekkeområda i Møre og Romsdal. Det er viktig at alle no støttar opp om vernet, slik at det kan få god effekt, seier miljø- og utviklingsminister Erik Solheim.

Dei 36 naturreservata er fordelt på 19 kommunar, og utgjer totalt om lag 53 km2. Av dette er 6 km2 land og 47 km2 tilhøyrande sjøareal. 

Ferdsleforbod på land

Avgrensing av verneområda og utforming av verneforskriftene er tilpassa lokale forhold og brukarinteresser så langt mogleg. Fiske, ferdsel på sjø og dykking tillatast, og det er lagt til rette for vidareføring av husdyrbeite. Det er òg lagt til rette for etterbruk av fyr og for Kystverkets sine nødvendige aktivitetar. I nokre av områda kan hausting av tare halde fram, mens andre stengast for tarehausting av omsyn til hekkande skarv og teist. 

All ferdsel i verneområda skal skje varsamt og ta omsyn til vegetasjon, dyreliv og kulturminne. Ferdsel på land i hekkeområda vert med nokre unntak forbode i hekkesesongen 1. mai - 31. juli. Av omsyn til behov for informasjon og merking, trer verneforskriftene først i kraft etter årets hekkesesong, det vil seie 1. august 2010. Områda har fram til det likevel status som vedtekne verneområde, og det er ikkje er lov til å gjere noko som kan true verneverdiane i områda. Der attgroing er et problem, skal det utarbeidast skjøtselsplanar for områda.

Denne verneplanen er den siste av dei tematiske fylkesvise verneplanane i Møre og Romsdal. Oppgåva med å oppretta verneplanar for myr, edellauvskog, havstrand/elveos, våtmark og hekkande sjøfugl i Møre og Romsdal er dermed fullført, heiter det i pressemeldinga.
 
Faktaark
Verneplan for hekkende sjøfugl i Møre og Romsdal (pdf)

Oversiktskart
Verneplan for hekkande sjøfugl - Møre og Romsdal fylke (pdf)

Kongelig resolusjon
Verneplan for hekkende sjøfugl i Møre og Romsdal (pdf)

Les meir
Gå til Miljøverndepartementet sine nettsider for å sjå forskrifter for kvart enkelt område, samt endringsforskrifter:
Møre og Romsdal får 36 nye naturreservat for sjøfugl