– Gruvestøv kan spreie seg i Førdefjorden

Utsikt vestover Førdefjorden fra Engebøfjellet. Bygden nedenfor er Vevring. Foto: Jan Helge Fosså / Havforskningsinstituttet

Nye data frå Førdefjorden viser at det er god vassutveksling i heile fjordsystemet.

Det betyr at det er stort spreiingspotensiale for finpartikla støv dersom det vert opna for dumping av gruveavfall i fjorden, melder Havforskingsinstituttet (HI).

Dei nye data har også avdekt at Redalsvika er det viktigaste gytefeltet i den midtre og ytre delen av fjorden. Redalsvika ligg kloss opp til Engebøfjellet, og støv og vassig frå verksemda kan koma til å påverka gytinga til den sårbare kysttorsken i området.

I mars gjennomførte Havforskingsinstituttet tokt i Førdefjorden i Sogn og Fjordane. Det vart teke prøvar frå vassøyla og leita etter egg frå kysttorsk for å få verifisert kva som er dei viktigaste gytefelta i fjorden.

Les også: På torsketokt med G.M. Dannevig 12.03.2010

God vassutveksling

I ein høyringsuttale i fjor haust råda Havforskingsinstituttet frå å gje Nordic Mining AS løyve til å deponera gruveavfall i Førdefjorden. Mellom anna stilte instituttet seg kritisk til påstanden om at finfraksjonen (partiklar som er mindre enn 0,04 mm) av gruveavfallet ikkje kom til å spreia seg mykje utover det planlagde deponiområdet. Dei innsamla hydrografidata (saltinnhald, temperatur og oksygen) frå toktet viser at det er god vassutveksling i heile fjordsystemet. Oksygeninnhaldet er høgt også på relativt djupt vatn, og det tyder på god omrøring av vassmassane i fjordsystemet.

Les også: Fraråder utslippstillatelse i Førdefjorden 29.09.2009

Les også: Oppdrettarar kritiske til gruveplanar 27.09.2009

– Stort spreiingspotensiale

– Funna som er gjorde i Førdefjorden støttar opp om høyringsuttalen vår. God utskifting av vassmassane utgjer ein risiko for at finpartikla støv vert spreidd over større delar av fjorden. Det aukar også faren for at finfraksjonen vert løfta opp i vassøyla, seier Guldborg Søvik, som er ansvarleg for høyringsuttalen frå Havforskingsinstituttet.

Topografien i Førdefjorden utanfor det planlagde deponiet er kjenneteikna av tersklar djupare enn 200 meter. Det eksisterer såleis ikkje fysiske barrierar som hindrar vatnet frå å driva fram og tilbake i fjordsystemet. Studiar frå Norddalsfjorden like nord for Førdefjordsystemet viser at utskifting av nesten heile vassøyla ned til 290 meters djup kan skje over grunne tersklar på 50 meter. Dette betyr at heile Førdefjorden innanfor Nålsundet òg kan verta påverka når slik vassutskifting skjer.

Gytefelt nær Engebøfjellet

Kysttorsken er trua langs heile norskekysten. Dei sårbare kysttorskbestandane er særs stadbundne, og i stor grad avhengige av faste, tilpassa gyteområde. Data frå toktet har vist at Redalsvika er det viktigaste gytefeltet i den midtarste og ytste delen av Førdefjorden. Feltet ligg nær Engebøfjellet. Sigevatn frå eit planlagt nærliggjande gråbergsdeponi, støvpartiklar frå botnen og sprengingsstøy frå gruveverksemda er tre eksterne faktorar som kan verka stressande på kysttorsken i gyteperioden, fortel Guldborg Søvik.

– Vi veit ikkje korleis desse faktorane påverkar torsken, og det er derfor vi har råda Klif til å nytta føre var-prinsippet i denne saka, seier ho.

Les også: Fylkesutvalet positiv til Engebø-utbygging 01.10.2009

Les også: Fylkesmannen nyttar ikkje motsegn mot gruveplanar 01.10.2009