Resultatlause makrelldrøftingar

Drøftingane i London i helga om ei langsiktig makrellforvalting, gav ikkje noko resultat.

– Det er vanskeleg å kome fram til semje med dei urealistiske krava som Island og Færøyane har sett fram, seier Audun Maråk, som representerte Norges Fiskarlag i den norske delegasjonen.

Fiskebåt-direktør Audun Maråk representerte Norges Fiskarlag i makrelldrøftingane i London. Foto: FiskebåtFiskebåt-direktør Audun Maråk representerte Norges Fiskarlag i makrelldrøftingane i London. Foto: Fiskebåt

Maråk, som til dagleg er adm.dir i Fiskebåtredernes Forbund (Fiskebåt), seier at det heller ikkje var venta ei avklaring på møtet mellom EU, Noreg, Færøyane og Island, med Russland som observatør. No blir det etter alt å døme ikkje makrelldrøftingar igjen før seint i haust, skriv Fiskebåt i ei pressemelding.

– Når det gjeld Island er det store sjansar for at makrellen vil vandre ut av islandske farvatn i løpet av 2-3 år, på same måten som det skjedde med kolmula i si tid. Vårt syn er at prinsippet i sonetilhøyring skal leggast til grunn når makrellbestanden skal fordelast mellom partane, seier Audun Maråk.

– Då nyttar det ikkje å sjå berre på dei par siste åra. Vi må ha eit tiårsperspektiv og Island må ikkje få fiske seg til ein part det på sikt ikkje er faktisk grunnlag for. Noreg må ikkje inngå ein avtale på eit nivå som ikkje har grunnlag i faktiske forhold, seier Maråk.

Han er glad for ein nær og tett dialog med norske fiskeristyresmakter, som deler næringas syn om at sonetilhøyring skal leggast til grunn for kvotefordelinga på makrell.

– Noreg og EU er samde om at krava frå Island og Færøyane, når det gjeld makrell-lutar, er heilt urealistiske, seier avdelingsdirektør Ann Kristin Westberg i Fiskeri- og kystdepartementet.