Vil skape verdas fremste sjømatnasjon

Del saken

KRISTIANSUND: På Midtnorsk Fiskerikonferanse argumenterte fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen for sin visjon om at Noreg skal bli verdas beste sjømatnasjon.

Konferansen går av stabelen i Kristiansund, parallelt med kåringa av «Årets Beste Klippfisk 2010».

Les også: Kåra «Årets beste klippfisk» 02.06.2010

Berg-Hansen tok i talen også opp tema som marint verdiskapingsprogram, berekraftig havbruk, delelinja i Barentshavet, ulovleg fiske og makrellforhandlingar.

- Eg inviterer til samarbeid mellom myndigheiter og næring, slik at vi kan bruke dei samla ressursane våre til å vidareutvikle den norske sjømatnæringa til beste for kysten og skape verdas fremste sjømatnasjon, sa fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen på Midt-norsk fiskerikonferanse i Kristiansund i dag. 

- Kristiansund sitt mål om å vere senter for ein leiande sjømatregion varmar ein fiskeriministers hjarte, og gjer meg trygg på at vi saman skal klare å nå regjeringa sin visjon om at landet vårt skal bli den fremste sjømatnasjonen i verda. Det viktigaste med visjonen er at vi skal bruke fiskeri- og havbruksressursane våre så godt vi kan for å skape verdiar, sa Berg-Hansen.

- Eit godt utgangspunkt

Den norske sjømatnæringa har eit veldig godt utgangspunkt. Fiskeri- og havbruksnæringa kan levere ferskt råstoff av god kvalitet. Samtidig har Noreg relativt kort veg til den godt betalande EU-marknaden. Dette viser også tala for norsk sjømateksport som har utvikla seg sterkt dei siste 6 åra, frå 26 milliardar kroner i 2003 til over 44 milliardar kroner i fjor. Og veksten ser ut til å halde fram. Eksporttala for mai viser ein vekst på 17 prosent samanlikna med same månad i fjor. Hittil i år er det eksportert norsk sjømat for nesten 20 milliardar kroner, ein auke på 16 prosent i høve til i fjor. Det er laksen som står for hovuddelen av veksten, men også eksporten av klippfisk og saltfisk, i tillegg til fersk og fryst torsk, aukar kraftig.

Trass i det gode utgangspunktet har fiskeindustrien gjennom mange år slite med låg lønnsemd. Dei best betalande kundane spør etter kvalitet, og kvalitetsarbeid vil vere avgjerande for at næringa skal lukkast med å auke verdiskapinga. Målet må vere at all fisk som blir landa skal ha ein slik kvalitet at landindustrien fritt kan velje korleis han skal brukast. 

- Eg ønskjer å leggje til rette for at Noreg har ei lønnsam og nyskapande sjømatnæring. Samtidig ønskjer eg å medverke til at mest mogleg av verdiane som blir skapte langs kysten kjem kystsamfunna til gode. Meir lokal foredling og innkjøp frå lokale leverandørar er viktige stikkord, slo fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen fast.

Eit verkemiddel i dette arbeidet er det marine verdiskapingsprogrammet som Fiskeri- og kystdepartementet har etablert for å medverke til å fremme marknadsorienteringa i fiskeri- og havbruksnæringa. Gjennom rådgiving, tilskot og tilrettelegging for samarbeid får bedrifter hjelp til å utvikle gode marknadsstrategiar og å styrkje marknadsposisjonen sin.

- Urimeleg og urealistisk frå Island og Færøyane

I talen retta Berg-Hansen sterk kritikk mot Island og Færøyane sine standpunkt i dei internasjonale forhandlingane om makrelllvotar.

- Det har vore mykje turbulens rundt makrellen det siste året. Noreg og EU inngjekk som kjent i januar ein langsiktig avtale om gjensidig fordeling og sonetilgjenge for makrellen. Det er likevel viktig å forsøke å få til ny kyststatsavtale for makrell, som omfattar alle land som no fiskar på makrellbestanden – det vil seie også Færøyane, Island - og Russland. Russland har historiske fiskerirettar i internasjonalt farvatn. Det er halde to forhandlingsrundar med sikte på å få til ein slik avtale, den første i Ålesund og den siste i London nå i helga som var. Dessverre står partane langt frå kvarandre.

- Både Noreg og EU reknar innspela frå Island og Færøyane som urimelige og urealistiske. Krava som hittil har blitt framsett, utgjer ikkje nokon basis for vidare forhandlingar, konstaterte Berg-Hansen.

Les også: Resultatlause makrelldrøftingar 02.06.2010

- Noregs utgangspunkt for forhandlingane, er at krav om eigardelar må bygge på sonetilhøyring, slo Berg-Hansen fast.

- Vi er skuffa over at Island, sjølv etter gjentekne oppfordringar, ikkje er villige til å presentere ei grunngjeving for kravet sitt. Noreg aksepterar ikkje at kvanta Island har klart å fange i eit så godt som uregulert fiske, skal danne basis for seinare kvotetildelingar. Det ligg an til at makrellbestanden i år vert utsett for eit vesentleg høgare fisketrykk enn det ICES anbefalar. Denne situasjonen må Island og Færøyane ta ansvar for, sa Berg-Hansen.

Les heile talen her: Verdier fra havet – Norges framtid