Orienterte om berekraft for Beatrix

Berekraftig fiskeri og oppdrett stod på programmet då HM Dronning Beatrix og det norske kongeparet i dag deltok på ein konferanse om bord på KV «Bergen».

Dei kongelege deltok på rundebordskonferansen «Sustainable Fisheries and Aquaculture» om bord på kystvaktskipet «Bergen», saman med forskarar og fiskarar frå dei to landa, opplyser Havforskingsinstituttet i ei pressemelding.

Dronning Beatrix av Nederland i samtale administrerande direktør Tore Nepstad på Havforskingsinstituttet. Foto: HavforskingsinstituttetDronning Beatrix av Nederland i samtale administrerande direktør Tore Nepstad på Havforskingsinstituttet. Foto: Havforskingsinstituttet

Fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen ønskte velkommen. Ho la vekt på at det gode samarbeidet mellom Noreg og Nederland, som har felles interesser blant anna i Nordsjøen, må vidareførast og styrkast.

Målet med konferansen er å medverke til å leggje til rette for sterkare kontakt mellom Noreg og Nederland innan forsking og marint næringsliv, sa Berg-Hansen, som var vertskap på konferansen, som vart arrangert av Havforskingsinstituttet i samarbeid med det nederlandske instituttet IMARES, skriv Fiskeri- og kystdepartementet i ei pressemelding.

– Det er gledeleg at økosystembasert forvaltning og berekraftig fiskeri og havbruk er definert som eit sentralt tema i programmet for HM Dronning Beatrix av Nederland når ho besøkjer Bergen på statsbesøk til Noreg, sa Berg-Hansen.

– Berekraft og økosystemtilnærming til fiskeriforvaltning og havbruk er viktige tema for Noreg og for Nederland. Begge landa er sjøfartsnasjonar som driv fiske og marin forsking og næringsliv. For å ta vare på havmiljøet og samstundes legge til rette for næringsaktivitet, må forvaltninga vere basert på heilskapleg kunnskap om økosystema, seier Lisbeth Berg-Hansen.

Økosystembasert forvaltning og berekraftig oppdrett

Debatten vart innleia med innlegg frå seniorforskarane Sigurd Tjelmeland og Karin Kroon Boxaspen frå Havforskingsinstituttet, som snakka om høvesvis økosystembasert forvalting innan fiskeri og berekraftig fiskeoppdrett. Forskingsdirektør Einar Dahl var innleiar og ordstyrar under diskusjonen.

Både Noreg og Nederland har fått erfara konsekvensane av overfiske, og lærdomen i etterkant av sild- og tunfiskkollapsane har vore dyrekjøpt. Dei siste åra har det utvikla seg ei sams forståing for at økosystembasert forvaltning er vegen å gå for å oppnå eit berekraftig uttak av dei levande marine ressursane. Kva som faktisk ligg i denne typen forvaltning er mindre klart; her gjenstår det enno mykje forsking.

Forskarane peika på korleis dei ulike ledda i den marine næringskjeda påverkar kvarandre, og kor utfordrande det er å innarbeida desse interaksjonane til dømes når det vert gjeve kvoteråd. Både frå forskar- og fiskarhald, representert ved Inge Halstensen frå Fiskebåtredernes forbund, vart det understreka at kunnskap og forsking er heilt avgjerande om ein skal lukkast med å implementera økosystemtanken i råd og forvalting.

Deltakarane var også innom utkast, ulovleg fiske og breiare samarbeid mellom forskarar og fiskarar. Her vart den norske referanseflåten trekt fram som eit godt eksempel på vellukka samhandling mellom forsking og næring.

Oppdrettsdelen vekte også interesse hos dronning Beatrix, sjølv om Nedeland ikkje er nokon stor akvakulturnasjon. Etter foredraget frå Kroon Boxaspen ønskte ho mellom anna å vita korleis ein kan driva fram steril oppdrettsfisk og om det er stor genetisk skilnad på oppdrettslaks og villaks.

I samband med det nederlandske statsbesøket går det og føre seg ein næringskonferanse på Havforskingsinstituttet der temaet berekraft vert drøfta meir grundig og frå fleire innfallsvinklar.

Les også: Held konferansar om berekraft 01.06.2010

Nederland er ein viktig sjømatmarknad for Noreg. Av den norske sjømateksporten til EU går 7 prosent til Nederland. Laks og sild er dei mest populære artane, men nederlendarane er óg glade i makrell og torsk frå Noreg.