Tillet bifangst av blåkveite

Det vert no tillete for kystfartøy over 28 meter å ha blåkveite som bifangst.

– Vi har no opna for at også kystfartøy over 28 meter kan ha blåkveite som bifangst i fisket etter andre fiskeslag, seier statssekretær Vidar Ulriksen i fiskeri- og kystdepartementet.

Endringa i forskrift om regulering av fisket etter blåkveite nord for 62 ˚ N i 2010 medfører at kystfartøy over 28 meter får høve til å ha blåkveite som bifangst på lik linje med andre fartøy i kystgruppa, likevel med ei øvre grense på 17,5 tonn, opplyser departementet i ei pressemeling.

Forskriftsendringa trer i kraft straks, opplyser departementet.