Stadig fleire tek båtførarbevis

Del saken

Hittil i år har nær like mange teke båtførarprøva, som i heile 2009.

Ser ein på statistikken, så er det særleg dei to siste månadene som skil seg ut. Det syner seg at mange tok prøva samstundes med at kravet om obligatorisk båtførarbevis trådde i kraft. Til no i år har 12.650 personar teke prøva, meir enn halvparten av dei i april og mai, skriv Sjøfartsdirektoratet i ei pressemelding.

– Dette er faktisk ein «all-time-high», fortel administrerande direktør Bernt Nilsen i Norsk Test, som administrerer båtførarprøva på vegne av Sjøfartsdirektoratet.

Båtførarbevis er obligatorisk for båtførarar som er fødde 1. januar 1980 eller seinare, og tala syner at mange har førebudd seg til innføring av det obligatoriske kravet.

Oslo på topp

Ein trur at det er om lag 100.000 fritidsbåtbrukarar som må ha båtførarbevis for å ferdas lovleg på sjøen. Totalt sett er det no nesten 30 prosent av dei som har teke prøva. Oslo er på topp med 39 prosent, tett følgt av Aust-Agder på 36 prosent og Finnmark på 37 prosent. Elles synast ikkje interessa å være så stor i nord. Berre 22 prosent har teke prøva i Troms, Nordland og Nord-Trøndelag. Akershus, Sogn og Fjordane og Telemark har alle godt over 30 prosent, mens Rogaland og Østfold berre har høvesvis 23 prosent og 24 prosent.

Få over tretti

Sjøfartsdirektør Olav Akselsen. Foto: SjøfartsdirektoratetSjøfartsdirektør Olav Akselsen. Foto: SjøfartsdirektoratetDei som er fødd før 1. januar 1980 har ikkje krav om obligatorisk båtførarbevis, og det synast heller ikkje som om dei ser behovet for opplæring. Trenden med at få over 30 år tek båtførarprøva, ser ut til å halde fram. Tass i at volumet aukar kraftig i 2010, er talet på dei over 30 veldig lågt, og det ser faktisk ut til at det kjem til å verte endå lågare i år enn i fjor. Kvinner utgjer no en større del av statistikken for dei som tek båtførarprøva, med auke frå 18,5 prosent i 2007 til 23,7 prosent så langt i 2010.

Sidan det særleg er godt vaksne menn som er overrepresenterte på ulukkesstatistikken, vonar Sjøfartsdirektoratet at også desse etter kvart vil få augne opp for kor viktig det er med opplæring i tryggleik om bord i båtar.

– Den yngre generasjonen vert meir bevisst og dette nok vil smitte over på dei eldre etter kvart, seier sjøfartsdirektør Olav Akselsen (bildet).

– Men eg trur også dei eldre som har brukt båt heile livet vil ha særs god nytte av å teke både kurs og avlegge prøva for båtførarbeviset. Me oppmodar difor alle å ta båtførarprøva, seier han.

Økonomiske konsekvensar

Dersom ein vert teken utan påkravd båtførarbevis, kan resultatet verte ei saftig bot. 5.000 kroner er anbefalt bøtenivå frå Politidirektoratet, og politiet i fleire fylker har allereie utstedt ei rekke bøter. Men, folk som køyrer ulovleg, bør også vite at dei risikerer langt større økonomiske konsekvensar dersom ulukka er ute.

- Båtførarar utan nødvendig båtføraropplæring, må vere klar over at dei ved skade kan få redusert erstatning dersom det er årsakssamanheng mellom skaden og manglande båtførarkunnskap. Eit eksempel på dette er ei grunnstøyting kor kunnskap om enkel navigering manglar. Båtførarar må også vere budde på å ta delar av kostnadane ved eventuelle skadar som dei påfører andre, seier Per Arne Strandenes, båtsjef i If Skadeforsikring.

Han oppfordrar alle båtførarar til å ta båtførarbevis, også dei som ikkje er forplikta til det gjennom det nye regelverket. - Auka kunnskap og nautisk kompetanse blant båtførarar betyr større tryggleik og trivsel for alle oss som ferdas på sjøen, seier han.

- Betre tryggleik for alle

Sjøfartsdirektoratet ser svært positivt på at så mange fritidsbåtbrukarar allereie har teke båtførarprøva, og vonar at den gode trenden vil halde fram i tida framover – ikkje berre fordi ein risikerar bøter ved å la vere, men fordi ein ser verdien i å lære om trygg ferdsel på sjøen.

– Det er gledeleg at dei som må ha båtførarbevis no i stor grad tek prøva, seier sjøfartsdirektør Olav Akselsen. – Forutan å ha papira i orden, betyr beviset at dei også har ein grunnleggande kjennskap til lovar og reglar på sjøen, noko som vil betre tryggleiken for oss alle, seier Akselsen.