Romslegare kvoteråd for hyse og torsk

Det internasjonale råd for havforskning, ICES, har kome med kvoteråd for 2011.

ICES er klar med kvoteråd for bestandane nordaustarktisk torsk, nordaustarktisk hyse, nordaustarktisk sei, blåkveite, kysttorsk nord for 62 grader nord, snabeluer og uer.

– Kvoterådet for hyse i 2011, er det høgaste som er gitt sidan kvoterådgivinga tok til, og 25 prosent høgare enn rådet for 2010, skriv Havforskingsinstituttet (HI) i ei pressemelding. Kvoterådet for torsk er det høgaste på meir enn 10 år.

Nedgang for seien

– Nordaustarktisk sei har ikkje hatt gode årsklassar sidan 2002, og kvoterådet er gått ned, seier forskar Sigurd Tjelmeland på Havforskingsinstituttet. Det er heller ingen framgang for snabeluer og vanleg uer, sjølv om det er ein svak vekst å spora i rekrutteringa til snabeluer. Rådet for dei to artane er uendra frå i fjor. Det gjeld også for blåkveite, seier Tjelmeland.

Toktresultat tyder på at gytebestanden for kysttorsk er nær det lågaste som er observert.

– For kysttorsken held Havforskingsinstituttet fast på rådet om nullfangst, seier Tjelmeland.

Kvoteråd frå ICES for 2011 for arktiske bestandar

Her følgjer ei oversikt over kvoteråda for bestandane av nordaustarktisk torsk, nordaustarktisk hyse, nordaustarktisk sei, blåkveite, kysttorsk nord for 62 grader nord, snabeluer og vanleg uer her.

Nordaustarktisk sei

  • Tilrådd kvote 2011: 173 000 tonn
  • Tilrådd kvote 2010: 204 000 tonn
  • Avtalt kvote 2010: 204 000 tonn

Nordaustarktisk hyse

  • Tilrådd kvote 2011: 303 000 tonn
  • Tilrådd kvote 2010: 243 000 tonn
  • Avtalt kvote 2010: 243 000 tonn

Nordaustarktisk torsk

  • Tilrådd kvote 2011: 703 000 tonn
  • Tilrådd kvote 2010: 577 500 tonn
  • Avtalt kvote 2010: 607 000 tonn

Kystorsk nord for 62° nord

  • Tilrådd kvote 2011: 0
  • Tilrådd kvote 2010: 0
  • Avtalt kvote 2010 : 21 000 tonn

Snabeluer

  • Tilrådde reguleringar 2011: Vern av yngel, ikkje direkte trålfiske og låv bifangst i andre fiskeri
  • Tilrådde reguleringar 2010: Det same som for 2011
  • Avtalt kvote 2010 for direkte fiske i internasjonalt farvatn: 8 600 tonn

Vanleg uer

  • Tilrådde reguleringar i 2011: Forbod mot direkte fiske etter vanleg uer i ICES områda I og II
  • Tilrådde reguleringar i 2010: Det same som for 2011

Blåkveite

  • Tilrådd fangst 2011: under 13 000 tonn
  • Tilrådd fangst 2010: under 13 000 tonn