Stortingsmelding om fiskeriavtalane

Del saken

Fiskeri- og kystdepartementet har lagt fram ei melding til Stortinget om dei fiskeriavtalane Noreg inngår med andre land.

Meldinga omtalar kvoteavtalane for 2010, og norsk deltaking i fleirsidig fiskerisamarbeid og i regionale forvaltningsorganisasjonar, skriv Fiskeri- og kystdepartementet i ei pressemelding.

Det blir vidare gjort greie for bestandsutrekning, rådgjeving, tilstandsrapportar og langsiktige forvaltningsplanar for dei viktigaste bestandane som Noreg deler med andre land.

Ei slik melding skal leggjast fram årleg, første gong var i 1995.

Meldinga omtalar også dei kontrolltiltaka som er sette i verk for å kontrollere norsk og utanlandsk fiske på tildelte kvotar, i tillegg til kvotesamarbeidet med andre land og tiltak mot ulovleg, urapportert og uregulert fiske.

Til sist gjev meldinga ei oversikt over i kva grad norske og utanlandske fiskarar utnytta kvotane sine i 2008 og 2009, og kva slags fartøygrupper som fiskar på dei kvotane Noreg har i sonene til andre land.

Les stortingsmeldinga her:
Meld.St 18 (2009-2010) - Fiskeriavtalane Noreg har inngått med andre land for 2010 og fisket etter avtalane i 2008 og 2009