Fleire båtførarar vert kontrollerte

Del saken

Etter at det 1. mai i år vart innført kravet om båtførarbevis, har politiet allereie stogga fleire som har køyrt båt ulovleg. Og kontrollane kjem til å halde fram utover sommaren.

Tek ein utgangspunkt i kor mange som ein reknar med er omfatta av kravet, så kan det vere så mange som 70.000 personar som kjem til å køyre ulovleg denne sommaren.

– Det er ikkje bra at ein allereie har teke fleire båtførarar som køyrer uloveleg. Samstundes ser ein at fleire no har vakna og teke båtførarbeviset – noko som er positivt, seier sjøfartsdirektør Olav Akselsen i ei pressemelding.

I fleire lokale media rundt om i landet, vert det no meldt om at politiet har stogga båtførarar som ikkje har det obligatoriske båtførarprovet, og kontrollane vert ikkje færre når går inn i sommarsesongen for fullt. Auka fokus på dette i tida framover, gjer at Akselsen vonar at endå fleire av dei som køyrer uloveleg no, gjer noko med det og får teke båtførarprøva.

– Det handlar om tryggleik. Og når me no har eit krav, så må folk halde seg til det, seier Akselsen. Han er også nøgd med at politiet no har eit fokus på dette.

Sjøfartsdirektøren kjem også med ei oppmoding.

– Sjølv om ikkje alle er omfatta av kravet om båtførarprov, så vil eg oppmoda alle som skal ferdast på sjøen til å ta prøva. Når ein kjenner reglane på sjøen og har grunnleggande kjennskap til kart og navigering, så vert det tryggare for alle. Auka kunnskap gjev meir glede på sjøen, seier Akselsen.

Les også: Stadig fleire tek båtførarbevis 10.06.2010

Kravet:
Alle som er fødde 1.1.1980, eller seinare, og som skal føre ein båt som er meir enn 8 meter eller som har meir enn 25 hk må no ha båtførarbevis.

Sjå innslaget om denne saka i NRK Dagsrevyen 17. juni 2010