Nær 4000 personar trassa surt og kaldt vær, og benka seg langs årets Sildebord i Florø fredag kveld.
Med berre 8 grader i lufta, i kombinasjon med liten kuling, så var ikkje tilhøva dei beste for det som vert rekna som verdas lengste sildebord. Og så vart det også markant dårlegare oppslutnad om det vel to timar lange arrangementet, som i år samla knapt 4000 personar, mot 6000 på arrangementet i fjor.
– Trass veret så gjekk det veldig bra. Den sterke vinden og lav temperatur gjorde at folk ikkje satt så lenge til bords som dei pleier, så i 20-tida var det ganske tynt i gatene, seier Arild Melvær i Sildekomiteen til NRK Sogn og Fjordane.
På årets sildemeny stod både tradisjonelle sildevariantar og to nyheiter.
– Folk kunne ete det dei ville av Nøttesild, Bysild, Nordsjøsild og Kaperssild som alt er ting folk har fått smake på før. Men i tillegg serverte vi Jubileumssild og Sommarsild som er nye i år, fortel Melvær.
Kåra årets Sildekonge
Etter å ha opna Sildebordet, fekk ordførar, Bente Frøyen Steindal æra av å utrope årets sildekonge, som i år vart mangeårige journalist i Firdaposten, Harald J. Stavang, skriv Firda.
Sildebordkomiteen heidra Stavang for hans mangeårige journalistiske innsats for kystkulturen. Juryen meiner Stavang fortener prisen fordi han har «god greie på sild og sidefiske, og gjennom ord og bilete i ein mannsalder, har dokumentert og skildra alt som rører seg rundt sildefisket på ein god og folkeleg måte».
Stavang sjølv er meir beskjeden, og trur at Sildebordkomiteen er i ferd med å sleppe opp for kandidatar.
– Det er ei stund sidan femtitalet og den epoken vi omtalar som sildetida, så dei er vel begynt å sleppe opp for kandidatar. No tek (sildebordkomiteen red. anm.) dei som skriv om det, i staden for dei som dreiv med det, seier Stavang.
– Rett nok har eg vore på sildefiske og også selt sild på torget i yngre år, men eigen innsats er ikkje mykje å skrive heim om, seier Stavang til avisa.
Les også: Sildebordet samla 6000 20.06.2009