Etterlyser kaiplass i Florø

FLORØ: Fiskarane har vanskar med å finne kaiplass når dei er innom kystbyen for å handle.

– Når lokale fiskefartøy kjem inn til byen for å handle, så er det vanskeleg å finne plass å leggje frå seg båten, seier fiskar Ståle Karstensen til Firdaposten.

Han er for tida mannskap om bord på fiskebåten «Bluefin», men har sjølv opplevd og sett dette problemet mange gonger dei siste åra. Særskilt no på sommaren, er det vanskeleg å komme til kai i kystbyen, meiner Karstensen.

– Fiskeflåten i Flora legg att ein god del verdiar til handelsstanden, men dersom det skal vere så kronglete å komme seg til kai, så gir det negativ effekt på handelen, påpeikar Karstensen overfor avisa.