Utsende representantar frå OECD, skal den 22. og 23. juni møte fagfolk, ekspertar og politikarar på Vestlandet.
Det er Vestlandsrådet som står som vertskap når OECD (Organisation for Economic Co-Operation and Development) no kjem til Vestlandet for å møte nøkkelpersonar i regionen.
Møtet kjem i stand i samband med at det skal gjennomførast ein regional politisk analyse av Vestlandet, opplyser sekretariatsleiar Trond Ueland i Sogn og Fjordane fylkeskommune.
Målsettinga med analysen er å vurdere grunnlaget for auka samarbeid vestover mot Island, Grønland, Færøyane og Kyst-Noreg – NORA-landa – og etter kvart Skottland og Canada. Kan denne nordatlantiske regionen i større grad framstå som ein økonomisk-politisk region og korleis skape betre vilkår for ei ytterlegare styrking av det innbyrdes samarbeidet?
Det er Nordisk Atlantsamarbeid (NORA), eit samarbeidsråd i regi av Nordisk Ministermøte og der Kyst-Noreg, Grønland, Island og Færøyane deltek, som har engasjert OECD til å gjennomføre ein slik analyse. Vestlandsrådet er medlem i NORA og vil fungere som vertskap for OECD-delegasjonen.
Analysen vil vere ferdig i slutten av 2010 og vil kunne fungere som eit referanseverk med utgangspunkt i politisk – økonomisk regionanalyse.
Inkludert i analysen finn vi samferdsle, fiskeri og maritim sektor, reiseliv, klimaendringar og miljø, innovasjon og humankapital som grunnlag for økonomisk vekst.
Samstundes tenkjer ein seg at analysen skal medverke til å tydeleggjere regionen sine særlege muligheiter og kompetanse for omverda.
Den endelege rapporten vil innehalde framlegg om politiske tiltak som kan styrke regional utvikling i NORA-regionen.
Arbeidet med analysen er ferdig i Grønland, Island og Færøyane. No er det Noreg som står for tur, og delegasjonen, som i tillegg til representantar frå OECD òg vil ha med representantar frå Canada og Skottland, vil kome til Bergen 22 og 23 juni.
Delegasjonen vil vere i Oslo 21 juni, og etter besøkt i Bergen, reiser dei vidare til Tromsø. Møtet i Bergen vil bli organisert som ”rundebordssamtalar” om utvalde tema, og som vil gå føre seg på engelsk.