Strengare utsleppskrav vil bli ei utfordring for skip som opererar i den utsleppsregulerte sona i Nordsjøen etter 2015, meiner DNV.
Det Norske Veritas (DNV) rår reiarane til å starte førebingane no, og meiner gassdrift av skip er den beste miljømessige og økonomiske løysinga på lang sikt, skriv Vikebladet.
Utsleppsregulerte soner (ECA – emission control areas) er allereie etablert i Nordsjøen, Austersjøen og langs kystlinjene i Nord-Amerika. Utsleppskrava i dei regulerte sonene, vil bli gradvis strengare. Svovelinnhaldet i drivstoff for skip som opererar i sonene etter 2015, kan ikkje overskride 0,1 prosent. Elles må eksosgassen reinsast til eit tilsvarande nivå. Etter 2016 må nitrogenutsleppa for nye skip reduserast med om lag 75 prosent.
DNV rår reiarar og operatørar til å starte planlegginga no, for å snu dei komande endringane i 2015 og 2016 til forretningsmessige fordelar, og DNV stiller si maritime ekspertise til råde gjennom ulike rådgjevingstenester.
Teknisk sett er det tre aktuelle løysingar: lågsvovel-olje, reinsing av eksosgass eller flytande naturgass (LNG). Flytande naturgass som drivstoff er no ein velutvikla teknologi, utan tekniske hindringar. Den er ofte meir lønsam enn alternativa, og den er ein miljømessig vinnar. DNV var det første klasseselskapet som introduserte reglar for gassdrivne skip i 2001, skriv avisa.