Forlenga Gråsoneavtalen

Noreg og Russland forlenga 30. juni avtalen om ei mellombels praktisk ordning for fisket i «gråsonen» i Barentshavet til 1. juli 2011.

Gråsoneavtalen fell likevel bort når den nye avgrensingsavtalen mellom Noreg og Russland trer i kraft, skriv Utanriksdepartementet i ei pressemelding.

Les også: Enighet i delelinjeforhandlingene 27.04.2010

Gråsoneavtalen går i hovudsak ut på at partane skal avstå frå kontroll og handheving overfor fiskefartøya til den andre parten i den såkalla ”gråsonen”. Vidare inneheld han reglar for korleis partane skal gå fram overfor fartøy frå tredjeland.

Det er oppnådd tentativ semje mellom forhandlingsdelegasjonane frå Noreg og Russland om ein avtale om maritim avgrensing og samarbeid om fiskerispørsmål og grenseoverskridande petroleumsførekomstar i Barentshavet og Polhavet. Det vert arbeidd med sikte på underteikning av denne avtalen i løpet av få månader.

Avtalen må godkjennast av Stortinget og den russiske dumaen før han trer i kraft. Gråsoneavtalen fell bort når avgrensingsavtalen trer i kraft. I påvente av dette vert gråsoneavtalen no forlenga til 1. juli 2011 eller til datoen då avgrensingsavtalen mellom Noreg og Russland trer i kraft, avhengig av kva tidspunkt som inntreff først.

Gråsoneavtalen vart inngått første gongen mellom Noreg og Sovjetunionen 11. januar 1978 som ei mellombels ordning i påvente av semje om avgrensinga i Barentshavet. Sidan er avtalen blitt forlenga 31 gonger for eitt år av gongen, siste gongen til 1. juli 2010.

Relaterte artikler:
– Norge har lite å feire 28.04.2010
– Norge har fallert fullstendig 27.04.2010
– Fiskerisamarbeidet videreføres 27.04.2010
Norsk fiskerijurisdiksjon drøftet i ny avhandling 03.11.2009