Fiskeri- og kystdepartementet har no sendt på høyring ei sak om reguleringsopplegget for kystfartøygruppa sitt fiske etter makrell.
Dei siste åra har reguleringane i kystfartøygruppa utvikla seg til å bli svært samansette, og stadige endringar har skapt uro for næringa. Departementet legg difor opp til ei endring og forenkling av reguleringane, for å sikre meir stabile og føreseielege vilkår for kystfartøygruppa i åra som kjem.
Departementet ber om innspel til høyringsnotatet innan 7. oktober 2009.
Departementet tek sikte på at endringane skal vere på plass i makrellreguleringa for 2010.