Endra ungdomsfiskeordninga 2010

Fiskeri- og kystdepartementet endra 13. juli 2010 forskrift om høve for ungdom til å delta i fisket i 2010 (ungdomsfiskeordninga).

Les også: Fangst av leppefisk med ruser 06.04.2010

Les også: Ungdomsfiskeordning i 2010 01.03.2010

Fiskeri- og kystdepartementet har endra forskrifta slik at Fiskeridirektoratet sine regionkontor kan gje løyve til at det vert fiska for meir enn 50 000 kroner per fartøy, men ikkje per person, dersom det vert fiska frå merkeregistrert fartøy i eit opplegg arrangert av ein kommune. Det melder Fiskeridirektoratet.

Fiskeridirektoratet sine regionkontor kan også gje løyve til at det vert fiska større reiskapsmengde per fartøy, men ikkje per person, dersom det vert fiska frå merkeregistrert fartøy i eit opplegg arrangert av ein kommune.