Island stansar makrellfisket

Island har vedtatt å stanse makrellfisket frå i dag.

Samstundes er sildefisket sør for 66-graden stansa og innblandinga av makrell i dei islandske sildefangstane skal ikkje overstige 10 prosent i løpet av ein tre vekers periode.

– Dette er eit positivt steg frå islandsk side i retning av å ville avgrense makrellfisket. Samstundes vedgår Island med dette indirekte at dei har drive direktefiske etter makrell og at det ikkje handlar om bifangstar i sildefisket, slik dei islandske representantane hevda i samtalar med kyststatane i London nyleg. Det seier administerande direktør Audun Maråk i Fiskebåt i ein kommentar på forbundet si heimeside.

– Likevel har Island alt fiska eit betydeleg kvantum makrell og stansen no kan vere eit tiltak for å hindre at Island fiskar meir enn den altfor høge totalkvoten på 112.000 tonn. Sjølv om Island stansar fisket no er den islandske åtferda i 2008 og 2009 langt frå akseptabel for kyststatane EU, Færøyane og Norge, seier Maråk.

Både fiskeri- og kystminister Helga Pedersen og Maråk har karakterisert det islandske makrellfisket som eit illegalt, uregistrert og urapportert fiske.