Reglar for føring av fritidsbåt

Sjå reglar for kva båtar ein kan føre med og utan båtførarbevis.

Etter at båtførarbeviset vart innført frå 1. mai i år, har det vore ein del forvirring omkring reglane for fart, alder og kor stor båt ein kan køyre, skriv Sjøfartsdirektoratet i ei pressemelding.

Her er ei oversikt frå Sjøfartsdirektoratet over kven som kan køyra kva slags båt.

Alle som er fødd 1. januar 1980 eller seinare må ha båtførarbevis dersom dei skal føre fritidsbåt med lengde over åtte meter eller med motorkraft på meir enn 25 hestekrefter. Aldersgrensa for å avleggja båtførarprøva er 14 år, men ein vil ikkje få utstedt båtførarbeviset før ein fyller 16.

Dei under 16 år

Er du under 16 år kan du føre båt med lengde på inntil åtte meter. Motoren kan ikkje vere større enn ti hestekrefter, og båten må ikkje kunne gå raskare enn ti knop (18,5 km/t).

– Foreldre bør være merksame på at sjølv ein liten båt med ein liten motor kan gå fortare enn ti knop, åtvarar underdirektør Bjørn Reppe i Sjøfartsdirektoratet sin avdeling for sjøvett og fritidsfartøy.

– Dersom båten planar, gjeng det sannsynlegvis fortare enn ti knop, seier han og påpekar at det er tillete å montere ein sperre på gassen på motorar som har effekt på ti hestekrefter eller under. - Det skal krevjast verkty for å fjerne ein slik, seier Reppe, - så då er ein sikra at båten ikkje går raskare enn ti knop.

Dei over 16 år utan båtførarbevis

Er du over 16, og født 1. januar 1980 eller seinare, kan du føre båt med ein lengde på inntil åtte meter. Motoren kan ha ein maks effekt på 25 hestekrefter. Det er ingen øvre grense for fart, bortsett frå i regulerte områder som hamner eller badeplassar.
Om ein køyrer ulovleg kan ein risikere bøter. Dersom ein er innblanda i ei ulukka, risikerar ein også avkorta forsikringsoppgjer, og dette kan få store økonomiske konsekvensar.

Dei over 16 år med båtførarbevis

Dei som har avlagt båtførarprøva og fått sitt båtførarbevis kan føre båt med lengde på inntil 15 meter. Det er ingen øvre grense for fart eller kor mange hestekrefter motoren kan ha.

– Ein må sjølvsagt følgje reglane for redusert fart i hamneområde og ved badeplassar, seier Bjørn Reppe. – I tillegg må ein bruke sunn fornuft og avpasse farta etter forholda. Det er særleg viktig å passe seg når det er dårleg ver eller mykje trafikk. Ein må hugse på at seglbåtar og ferjer eller andre store skip ikkje kan manøvrera like lett og fort.

Dei som er født før 1. januar 1980

Desse omfattast ikkje av reglane for obligatorisk båtførarbevis. Dei kan føre båt med lengde på inntil 15 meter. For å føre fritidsbåt som er større enn 15 meter, må ein ha skippersertifikat for fritidsbåt, same når ein er fødd.

Oppfordrar alle til å ta prøva

– Kvar sommar skjer det altfor mange ulukker med fritidsbåtar. Særleg er menn over førti overrepresenterte på ulukkesstatistikken, seier Bjørn Reppe. – Difor oppfordrar Sjøfartsdirektoratet alle, same kva alder, om å ta båtførarprøva dersom dei skal føre ein fritidsbåt.

– Eit minimum av kunnskap er nødvendig for å ferdast trygt til sjøs, både for deg sjølv og for dei som er med deg i båten, seier Reppe. - Det er viktig å ha kunnskap om god sjømannskap, korleis båten skal handterast og kva regler som gjeld på sjøen. Det vil du få ved å teke båtførarprøva.

Reglar for føring av fritidsbåt:

Under 16 år Båt med lengde på inntil åtte meter.
Maks ti hestekrefter, og ti knop.
Over 16 år utan
båtførarbevis
Båt med lengde på inntil åtte meter.
Maks effekt på 25 hestekrefter.
Ingen øvre grense for fart, bortsett frå i regulerte område.
Over 16 år med
båtførarbevis
Båt med lengde på inntil 15 meter.
Ingen øvre grense for tal hestekrefter.
Ingen øvre grense for fart, bortsett frå i regulerte område.
Født før 1980 Båt med lengde på inntil 15 meter.
Ingen øvre grense for tal hestekrefter.
Ingen øvre grense for fart, bortsett frå i regulerte område.