Kutta finger på slakteri

Del saken

BREMANGER: Ei 17 år gamal jente fekk kutta av ein finger på eit slakteri.

Arbeidsuhellet skjedde ved slakteriet i Struen i Bremanger klokka 15.35 måndag ettermiddag, den 26. juli, skriv Fjordenes Tidende. Slakteriet som slaktar torsk frå oppdrett, vert drive av selskapet Brødrene Larsen Eftf AS.

Jenta som arbeidde ved slakteriet, fekk fingeren kutta av i ei avskjermaskin, opplyser politiet.

Ambulanse vart varsla og den skadde vart frakta til Førde sentralsjukehus.

Politiet og arbeidstilsynet er varsla om ulukka, og vil etterforske kva som har skjedd, skriv avisa.

I følgje NRK Sogn og Fjordane er jenta 17 år gamal.

For arbeidstakarar under 18 år, er det i arbeidslivet strenge reglar i høve arbeid med farlege maskiner.