Vil ha tiltak mot Island og Færøyane

Makrell. Foto: Havforskningsinstituttet
Del saken

Både Fiskebåtredernes Forbund og EUs fiskeriorganisasjonar krev strenge reaksjonar mot det islandske og færøyske makrellfisket.

Fisk.no meldte fredag sist veke at Færøyane har fastsett sin eigen kvote for makrell. Fiskebåtredernes Forbund (Fiskebåt) karakteriserte Færøyane sitt vedtak som uheldig.

Les også: - Svært uheldig 23.07.2010
Les også: Færøyene vil ta 85.000 tonn makrell 23.07.2010

EUs fiskeriorganisasjonar og Fiskebåtredernes Forbund krev no, etter ein dialog dei siste dagane, at styresmaktene i EU og Noreg set i verk tiltak mot det islandske og færøyske makrellfisket. Blant tiltaka som blir foreslått er landingsforbod og utestenging av flåten frå EU-farvatn og norsk økonomisk sone.

I ei pressemelding frå EAPO, som organiserer den pelagiske flåten i EU, går det fram at flåten ber EU-kommisjonen gripe inn raskt og bestemt mot det som blir kalla uansvarleg og skammeleg framferd frå Island og Færøyane.

Foreslår mottiltak

EAPO foreslår sju mottiltak:

  1. Den bilaterale fiskeriavtalen mellom EU og Færøyane for 2010 må straks settast til side.
     
  2. Noreg må også oppheve sin avtale med Færøyane i lys av det 10 år lange samarbeidet mellom Noreg og EU om makrellforvalting.
     
  3. EU må offentleg fordøme at Færøyane på eigen hand har gitt seg sjølv ei kvote på 85.000 tonn, og poengtere at ei slik framferd ligg nær opp til IUU (illegal, unreported, unregistered)-fiske.
     
  4. Innføre importforbod for alle sjømatprodukt frå Island og Færøyane.
     
  5. Stenge EU-hamner og EUs økonomiske sone for alle islandske og færøyske fiskefarty.
     
  6. Plassere islandske og færøyske farty som fiskar makrell på svarteliste for IUU-fiske.
     
  7. I forhandlingane om islandsk EU-medlemskap som starta denne veka, må EU krevje at Island straks trekkjer tilbake vedtaket om ei islandsk makrellkvote på 130.000 tonn i år.
     

Støttar kravet

Fiskebåtredernes forbund støttar kravet frå EAPO.

- Vi har dei siste dagane hatt ein dialog med søsterorganisasjonane våre i EU og vi støttar kravet om strenge reaksjonar mot det uansvarlege og uregulerte fisket etter makrell som Island og Færøyane er i gang med, seier Fiskebåt-direktør Audun Maråk i ei pressemelding.

- Vi kan ikkje godta at norske fiskarar og EU-fiskarar blir skadelidande gjennom lågare framtidige kvotar på grunn av uansvarleg framferd frå Island og Færøyane, seier Maråk.

- Vi ber no norske styresmakter følgje opp i tett dialog med styresmaktene i EU. Eit av tiltaka vi ber norske styresmakter innføre er eit forbod mot landing av makrell frå Island og Færøyane. Dessutan ber vi norske styresmakter vurdere om det er grunnlag for å stenge færøyske farty ute frå norsk økonomisk sone, fortel Maråk.

- Skammeleg framferd

Gerard van Balsfoort, som er leiar i den nordlege pelagiske arbeidsgruppa i EAPO, seier:

- EU må vere klar til å kjempe for å verne EUs pelagiske fiskarar mot den skammeleg framferda til Færøyane og Island. Vi er ikkje budde på å halde oss passive til det som no skjer og vi vil ikkje godta reduksjon i makrellkvotene som følgje av det uansvarlege overfisket til dei to landa.

Les meir:
•  Pressemelding frå EAPO (doc)
•  Fiskebåt sitt brev med krav om tiltak (doc)