Forbod mot landing av makrell

Del saken

Fiskeri- og kystdepartementet presiserar at det er forbod mot landing av makrell frå færøyske og islandske fartøy i norske hamner.

Les også: Vil ha tiltak mot Island og Færøyane 29.07.2010

- Det uansvarlege fisket etter makrell som Færøyane og Island har sett i gang i eit forsøk på å fiske til seg kvoteandelar, er eit alvorleg trugsmål mot makrellbestanden og det undergrev forvaltningssamarbeidet, seier fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen i ei pressemelding.

- Eg ser svært alvorleg på situasjonen, og eg har også drøfta saka med fiskerikommissæren i EU, seier Berg-Hansen.

Etter gjeldande regelverk er det ikkje tillete å lande fangstar av makrell frå færøyske og islandske fartøy i norske hamner.

Unntaket er dei 2000 tonn med makrell som Færøyane etter avtale med Noreg kan fiske i norsk økonomiske sone.