Torsken tilbake på Flemish Cap

Trålaren Atlantic Star har no fiska den norske kvoten på 510 tonn torsk ved Flemish Cap.

Området i internasjonalt farvatn aust for Newfoundland er i år opna for torskefiske for første gong på ti år. Skipper Hedin Johensen på Atlantic Star er vel tilfreds med turen og den historiske gjenopninga av fisket, skriv Fiskebåtredernes Forbund (Fiskebåt) på sine nettsider.

– Vi tok kvoten på 510 tonn på 11 dagars fiske og det er veldig bra, fortel Johensen.

Atlantic Star er no på veg tilbake til Grønland, ein tur på tre dagar frå dei nyopna felta på Flemish Cap.

Flemish Cap har vore stengt for torskefiske sidan 2000, då bestanden var sterkt redusert, men no er torskestammen igjen på eit nivå som gjer at forskarane har opna for ein mindre kvote i år.