Boikotten effektiv også i EU

Del saken

Boikotten av islandske og færøyske makrellfangstar skal no, etter det Fiskebåt kjenner til, vere effektiv også i EU.

Det skriv Fiskebåtredernes Forbund (Fiskebåt) på sine nettsider.

Med det vil verken norske anlegg eller anlegg i EU kjøpe fangstar frå Færøyane og Island sitt fiske etter makrell.

Les også: Blokade av Island og Færøyene 05.07.2010

Fartøy frå EU-land med ombordproduksjon, sluttar også opp om boikotten, skriv Fiskebåt.