Vil ha samarbeid for alle

Del saken

Fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen vil ha samarbeid for arbeid i sjømatnæringa.

Som eit ledd i regjeringsprosjektet «Samarbeid for arbeid» har fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen invitert organisasjonane i næringa og ei rekkje ressurspersonar til å dele erfaringar og kunnskap om norsk sjømatnæring i eit nasjonalt og internasjonalt perspektiv.

Prosjektet vart lansert 19. august 2010, under statsråden sitt seminar på Nor-Fishing. 

- Eg ser verkeleg fram til å få sett viktige problemstillingar for sjømatnæringa på agendaen og drøfte dei med prosjektgruppa, seier Lisbeth Berg- Hansen i ei pressemelding.

  • Kva betyr det at vi skal vere verdas fremste sjømatnasjon, og korleis kan vi komme dit?
  • Korleis kan næringa styrkje sin plass i samfunnet, og bidra til auka sysselsetting og verdiskaping?
  • Kvifor er det ikkje fleire som investerer i norsk sjømatnæring, og kva skal til for at trenden skal snu?
  • Korleis kan vi auke kunnskapsnivået om norsk sjømatnæring og sikre god rekruttering til næringa?
     

Dette er berre nokre av fleire spennande problemstillingar som prosjektgruppa skal diskutere, fortel Berg-Hansen.

Gruppa har følgjande medlemmer:
 
1. Mikal Solhaug, fiskar
2. Unni Steinsmo, konserndirektør SINTEF
3. Per-Mathias Høgmo, fotballtrenar TIL
4. Åse Aulie Michelet, konsulent
5. Finn Bergersen jr, rådgivar
6. Aino Olaisen, oppdrettar 
7. Arne Hjeltnes, Creuna
8. Gunn Ovesen, Innovasjon Noreg
9. Jens Ulltveit-Moe, investor
10. Marit Arnstad, advokat og tidlegare politikar  
11. Kjell Bjordal, konserndirektør EWOS
12. Anne-Kjersti Fahlvik, Noregs forskingsråd
13. Trygve Myrvang, Norges Råfisklag
14. Elin Tvedt Sveen, oppdrettar  
15. Arne Møgster, Austevoll Seafood
16. Hanne Refsholt, konsernsjef TINE
17. Ole-Eirik Lerøy, Fiskeri- og havbruksnæringens landsforening
18. Geir Andreassen, Fiskeri- og havbruksnæringens landsforening
19. Are Kvistad, Fiskeri- og havbruksnæringens landsforening
20. Reidar Nilsen, Norges Fiskarlag
21. Jan Skjærvø, Norges Fiskarlag
22. Knut Arne Høyvik, Norges Fiskarlag
23. Per Mjelva, Norske Sjømatbedrifters Landsforening
24. Håvard Y Jørgensen, Norske Sjømatbedrifters Landsforening
25. Paul Oddgeir Jensen, Norges Kystfiskarlag
26. Arne R. Hole, Norges Kystfiskarlag
27. Marta Valdes, LO
28. Jan-Egil Pedersen, LO